Gjeldande satsingsområde i 2009 - 2016, er:
- Diakoni
- Kyrkjemusikk og kultur
- Born og unge
- Gudstenesteliv
Følgjande kan søkje:
a) Lokale og regionale råd og grupper innan Den norske kyrkja.
b) Instansar innan Den norske kyrkja som omfattar heile landet eller ein større region enn eitt bispedøme.
Det er Kyrkjerådet som tildeler midlar, men Bispedømerådet gjev først si innstilling. Bispedømerådet har høve til å prioritera dei tiltaka som er i samsvar med bispedømet sine strategiar som for tida er "Ungdom. vekst i trua" og "Gudstenesta - navet i kyrkjelyden".
Dei siste åra har Bispedømerådet prioritert slik at mange små prosjekt har fått omlag 15 000 - 35 000 kr. Nokre få, større prosjekt har fått meir. Sjølv om snittsummen ikkje er så stor, er det viktig med noko eigenfinansiering (som kan vere både kommunale eller private midlar/sponsorar).
Søk på nytt om de har eit pågåande prosjekt:
Nye prosjekt kan vare frå eitt til tre år. Prosjekt som alt er igong, vil prioriterast dei påfølgjande åra, men dette føreset at førebels prosjektrapport viser at prosjektet har den planlagte progresjonen. Desse må senda søknad kvart år.
For 2015 kan ein søkja om midlar til lokale og regionale venskapsrelasjonar med kyrkjer i sør og aust. Bjørgvin får tildelt midlar til dette kvart tredje år. Pengene skal normalt ikkje gå til å betala norsk deltaking i utvekslinga. Midlane kan nyttast til sør-sør-utveksling, helst med ein relasjon til tredje part i Noreg. Storleiken på disse tilskota skal normalt ikkje overstiga kr 30.000 pr. prosjekt. Det kan ikkje søkast om refusjon for tidlegare gjennomførte tiltak.
Hugs fristen 1.desember 2014 - søknaden skal sendes til Bjørgvin bispedømeråd, gjerne på epost til bjoergvin.bdr@kyrkja.no