Program
DAG 1 Onsdag 16. september
10:50 Preludium
11:00 Velkommen og presentasjon
Inndeling i grupper — deltakarar frå ulike stader vert sette saman på førehand
12:00 Lunsj
13:00 Salmane sin bruk i kvardagen
Ragnhild Strauman · KUN / VID Tromsø
Føredrag knytt til hennar doktoravhandling om bruk av salmar og songar i Den norske kyrkja si trusopplæring - eit felt ho skildrar som nesten uutforska i Noreg.
Strauman er Ph.d. i musikkpedagogikk, Norges musikkhøgskole
14:00 «Genosang og fenosang» : Sangens uttrykk i spennet mellom kropp og kommunikasjon
Vibeke Tellmann, Estetikk og musikkfilosofi, Universitetet i Bergen
Tellmann er førsteamanuensis i filosofi ved UiB. Ho presenterer arbeidet sitt om forholdet mellom musikk og språk gjennom Roland Barthes sitt omgrep om stemmens «korn» - skilje mellom det kommunikative uttrykket (Fenosang) og det kroppsnære, individuelle uttrykket (Genosang).
15:00 Pause
15:15 Å gjera salmar — frå «Musicking» til «Hymnicking»
Ragnhild Strauman
Kva skjer eigentleg når vi syng salmar? Strauman tek oss med inn i forskinga på salmen som handling og praksis — ikkje berre som tekst og melodi.
15:45 Gruppearbeid og erfaringsdeling
Samtale i tverrfaglege grupper
16:15 Pause
17:30 Festmiddag med innslag
Sosialt samvær
19:30 Slutt
DAG 2 Torsdag 17. september
09:20 Preludium
09:30 Salmar dei neste 1000 åra
Knut Størdal · NTNU
Ei reise inn i nye og eksisterande salmars plass i norsk kultur - og arbeidet med salmerepertoaret mot Nasjonaljubileet 2030, som markerer tusen år sidan slaget på Stiklestad. Tradisjon og historie er viktig, men kva med salmane dei neste tusen åra?
11:30 Lunsj
12:30 Interludium
12:40 Salmens plass i gudstenesta
Biskop Ragnhild kjem til kyrkjemusikarane. Ho har stort engasjement for salmar og song og deler tankar om salmens rolle som berar av tru, tradisjon og fellesskap i gudstenesta.
13:15 Gruppearbeid
Fordjuping og refleksjon i grupper
14:00 Mitt liv med salmane
Sigvart Dagsland
Dagsland er aktuell med salmekonserten «Det er makt i dei foldede hender» — 30 år etter originalinnspelinga — under Bergen kirkeautunnale. Han stiller til samtale om kva refleksjonar han har kring dette.
14:45 Avslutning med felleskor
Leiing: Solveig Flekstad Vik
Alle syng saman
15:00 Ferdig
Praktisk informasjon
Programmet har ein klar fagleg profil, men den sosiale delen av dagane er minst like viktig. Det vert mykje fellessong — vi lagar rett og slett eit felleskor under leiing av Solveig Flekstad Vik. Det vert også små preludium og interludium med bidrag frå deltakarane.
Kursstad
Bønes kyrkje har både flygel og orgel nede i kyrkjerommet og har gode lokale til fagleg samling og kurs. Det er parkeringsplass ved kyrkja. Elles går buss 15 frå Olav Kyrres gate og buss 14 frå Bergen busstasjon kvart kvarter.
Overnatting
For dei som treng overnatting er det enklast at kvar enkelt bestiller dette sjølv. Hotellprisane har gått opp i det siste, men eit godt og rimeleg alternativ er Scandic Bergen City, ved kinoen. Derifrå er det 7 minutt å gå til Olav Kyrres gate for å ta buss 15
Pris : 1400, for begge dagar inklusiv all mat og program – Kun onsdag 1000, kun torsdag 700
Påmelding på Checkin, sjå lenke nedst på sida.
Bidragsytarar
Ragnhild Strauman
Senterleder for Kirkelig utdanningssenter i Nord-Noreg (KUN), VID · 1. amanuensis i religionspedagogikk, UiT
Ragnhild Strauman er kantor, musikkpedagog og ph.d. frå Norges musikkhøgskole. Avhandlinga hennar handlar om bruk av salmar og songar i Den norske kyrkjas trusopplæring.
Les meir om Ragnhild Strauman (NMH)
Knut Størdal
Universitetslektor, Institutt for musikk, NTNU · Musiker i Vår Frue – open kyrkje, Trondheim
Knut Størdal er utdanna kyrkjemusiker ved Trøndelag Musikkonservatorium og Norges musikkhøgskole. Han er arrangør og komponist, mellom anna representert med ein melodi i Norsk Salmebok 2013. Han var sentral i NRKs sakte-TV-produksjon «Salmeboka minutt for minutt» i november 2014.
Vibeke Andrea Tellmann
Førsteamanuensis ved pedagogisk institutt, Universitetet i Bergen
Hennes phd-avhandling i filosofi har tittelen Musikalitet i teorien. Om relasjoner mellom musikk og språk
Hun har ellers bakgrunn frå musikkstudium ved Griegakademiet og . Arbeidet hennar ligg i skjeringspunktet mellom estetikk, musikkfilosofi og språkfilosofi.
Doktorgradsavhandling: Om relasjonar mellom musikk og språk (UiB)
Biskop Ragnhild Jepsen
Biskop i Bjørgvin bispedøme sidan 2023
Sigvart Dagsland
Artist og songar
.
