Dronning Sonja på Bjørgvin bispedøme sin 950-årsfest

Med det praktfulle klosteranlegget som kulissar og truande skyer i horisonten, fekk både H.M. dronning Sonja og dei nærare 600 frammøtte oppleve ei alvorleg og vakker fødselsdagsmarkering – både liturgisk, visuelt og musikalsk.

Dronning Sonja i samtale med biskop Halvor Nordhaug ved Selje kloster i Sogn og Fjordane. Foto: Bjørgvin bispedøme / fotograf Magnus Skrede

– Jesus lever. Alt han har gjort og alt han gjør er godt. I denne troen skal vi i Bjørgvin bispedømme på nytt sette garnene, og vi skal våge å forvente en stor fangst.

Slik avslutta biskop Halvor Nordhaug si preike under jubileumsgudstenesta på Selja sundag 8. juli. 

Om ein ikkje visste det før, så forsto vi no kvifor det var  her Olav Kyrre oppretta eit vestnorsk bispedøme med bispesete i omlag 1068.

Bispedømerådsleiar Inger Helene Nordeide la i sine velkomstord vekt på at Selja slett ikkje berre tilhøyrer Den norske kyrkja: – Både ortodokse, katolikker og protestanter har en sterk tilhørighet til Selja. Derfor er det både rett og godt at dette er en økumenisk gudstjeneste, der alle har sin rettmessige plass.  Velkommen, brødre og søstre i troen, sa ho. 

17 geistlege deltok i messa, - fem biskopar, blant dei biskop i den katolskje kyrkja, Bernt Eidsvig, prostar og prestar frå regionen og Fader Johannes frå den ortodokse kyrkja.

Etter messa fortalde riksantikvar Jørn Holme om investeringa i klosterrestaureringsarbeidet, og Kystpilegrimsleia vart opna av H.M. Dronning Sonja. 

Kyrkjefolket og dei offisielle gjestene, som inkluderte statsråd Ola Elvestuen, nestleiar i kyrkjerådet, Harald Hegstad, Norges ambassadør til Irland, Else Berit Eikeland, direktør i Fritt Ord, Knut Olav Åmås, fylkesmann Ann Karin Hamre og fylkesordførar Jenny Følling, uttrykte stor begeistring og takksemd overfor vertskapet ved ordførar Stein Robert Osdal og biskop Halvor Nordhaug.

Takk til Selje kommune, alle dei friviljuge og alle dei medverkande, for strålande innsats. 

No regnar det stritt på Selja, festen er over og kvardagen kan ta til. Vi kjenner oss fortrylla og velsigna - klare til å våge meir og tru på at det vidunderlege kan skje her og no!

For jubilanten, 
Ragna Sofie Grung Moe,
kulturrådgjevar i Bjørgvin bispedøme
8. juli 2018

 

Selja kloster, jubileumsmarkeringen 8. juli 2018. Foto: Bjørgvin bispedøme / fotograf Magnus Skrede

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"