Bispevisitas i Vestre Slidre
21.- 23. og 26. oktober 2025
Visitasføredrag
Innleiing
I kyrkjeåret er vi no inne i det som vert kalla treeiningstida, som varer hovudsakleg frå pinse til advent. Kyrkja vedkjenner seg til den treeinige Gud: Fader, Son og Heilag Ande. Treeininga som kristen lære eller dogme vart fastsett for 1700 år sidan under Kyrkjemøtet i Nikea. Det var då vi fekk den nikenske truvedkjenninga, og sidan har kyrkja vedkjent seg dei tre personane i Gud. Gud som er både skaparen, frigjeraren og livgjevaren. Frå æve til æve.
«For Gud gjer ikkje skilnad på folk», står det i Romarbrevet (2,11), og kyrkja skal leve etter dette gjennom ord, sakrament og handling. Den norske kyrkja er ei folkekyrkje, og det gir store moglegheiter, forventningar og forpliktingar. Å vere kyrkje i dag er å vere til stades i folk sine liv og å vere ei håpsrørsle. Ei kyrkje som formidlar den treeinige Gud som ein verkande Gud, som framleis skaper, tryggjer og elskar kvart menneske. Det skal vi gjere, sjølv i ei verd som ofte kan opplevast som det motsette.
I Vestre Slidre har eg gjennom desse visitasdagane fått bli kjend med ei kyrkje som verkeleg ønskjer å møte det livet som vert levd her. Ei kyrkje som ser og lyttar, og opnar rom for menneskas livskjensle og livsvilkår. Ei kyrkje som verkeleg ønskjer at kyrkjebygga skal vere eit folkets hus, der ein kjenner seg inkludert, velkomen og med opplevd tilhøyrsle.
Programmet har vore fylt med mykje skaparkraft og pågangsmot, men òg med meir utfordrande tematikk som psykisk uhelse og utanforskap. Kyrkja, med si tru på den treeinige Gud, har sin plass midt i festen, kvardagen og sorga. Det er spennet vi står i, ja, som vi skal stå i som kyrkje. Eg vil seie det er ei kyrkje som står i det «heilt naturleg – ekte vare!» for å bruke visjonsspråket til Vestre Slidre kommune.
Ein visitas skal og bør ha merksemd på alt dette, men hovudføremålet er å støtte,
inspirere og rettleie. Å bidra til å gjere kyrkja sitt nærvær synleg i lokalsamfunnet.
Gjennom eit godt og innhaldsrikt program har vi fått tematisert viktige sider ved kyrkja si rolle og tyding i sokna her. I dette føredraget vil eg først gje ei gjennomgang av det eg såg og høyrde i dei ulike møtepunkta, før eg vil peike på nokre utviklingsområde som eg gjerne vil utfordre til i det vidare arbeidet med å vere framtidas kyrkje i Vestre Slidre.

Andakter og gudstenestefeiringar samlar folk på visitas. Foto: Inger Johanne Østby
Del 1 – Oppsummering av visitasdagane
Tysdag
I Vestre Slidre er det heile sju gudstenestestader, og den første visitasdagen starta i eitt av desse, nemleg med morgonandakt i Røn kyrkje frå 1748. Kyrkja ligg så fint til i landskapet, både høgt og fritt. I dette vakre rommet fekk vi syngje salmar, høyre bibeltekst og tekstrefleksjon, og be saman. Ein god start på visitasen som gav fred og ro inn mot det som skulle kome.
Den norske kyrkja si grunneining er soknet. I ein kommune som har fleire sokn, slik som her i Vestre Slidre, vert desse betente av to organ: sokneråd og kyrkjeleg
fellesråd. I kyrkjeordninga har desse organa heilt spesifikke oppgåver, og det vert
gjerne forenkla oppsummert med at soknerådet har ansvar for verksemd og aktivitet inni kyrkja, medan kyrkjeleg fellesråd tek seg av det ytre, slik som bygg, økonomi og personell. Det er difor heilt sentralt i ein visitas å ha møte med desse to organa.
I møte med dei tre sokneråda Røn, Lomen og Slidre fekk vi snakka om dei
moglegheitene og utfordringane råda har som strategisk organ. Deretter var det møte med Vestre Slidre kyrkjeleg fellesråd. Her brukte vi tid på å førebu oss til møte med kommunen, og vi samtala om samarbeid mellom skule og kyrkje, beredskap og moglege samarbeidsområde med kommunen. Vi avslutta med felles lunsj i kyrkjestugu.

Møte med stab og råd i Vestre Slidre leia av sokneprest Janne Sukka. Foto: Inger Johanne Østby.
Vi er no i ein tydeleg landbrukskommune, og kommunen ønskjer å ha ei offensiv og nyskapande haldning til feltet. Det er gledeleg å sjå at unge menneske finn både von og framtidstru i å satse på mellom anna matproduksjon. Dette var tema heime på garden til Trine og Tom Vistemyren. Dei kunne fortelje med stor iver om korleis dei har gått inn i arbeidet som mjølkebønder. Med på møtet var òg representant frå landbruksavdelinga i kommunen og Bondelaget. Samla fekk vi til ein svært interessant samtale om landbruket sine kår og moglegheiter, men òg dei utfordringane vi ser knytt til psykisk helse og økonomiske vilkår i næringa.
Det vart ein heilt naturleg overgang frå gardsbesøket til Valdresmeieriet.
Osteproduksjon har lang historie og tradisjon i Valdres, og i 2011 etablerte
Wangensten det etter kvart prisvinnande meieriet på Fosheim i Røn. Vi fekk
omvising, høyre om tankegangen bak produksjonen og møte nokre av dei som
jobbar der. Det handlar om ei lokal foredling som gir både verdiskaping og
arbeidsplassar – og ikkje minst gode produkt. Og for ein som i tillegg er glad i ost, var det absolutt kjærkome med smaksprøver. Begge desse møta med landbruket og matproduksjonen viser den tydelege samanhengen som finst mellom natur, dyr og menneske.
Etter middag på Furulund pensjonat drog vi til Øyjar kapell frå 1964. Sjølv om
kapellet «berre» er 60 år gammalt, har det vore kyrkje her i lang tid – heilt tilbake til den gamle stavkyrkja som stod her på 1300-talet. Elevar frå kulturskulen bidrog med vakker musikk, på både hardingfele, munnharpe og toradar. Det heile vart bunde saman av Johanna Fuglesteg, som òg spelte så flott på langeleik.
Onsdag
Dag 2 brukte vi i Slidre sokn. Den vakre Slidredomen frå 1200-talet er både eit
tidsvitne og eit symbol på den verkande krafta til evangeliet her og no. Den fantastisk dekorerte trekvelven som spenner seg over altaret er verkeleg eit syn. Her hadde vi morgonbøn, som gav ein god inngang til resten av dagen.
I Vestre Slidre er det éin grunnskule for heile kommunen, som husar både barn og ungdom. Visjonen til skulen er å vere «ein skule for alle, med blikk for den enkelte». Det tyder på ein skule som både vil løfte fram fellesskapet, men òg verdsetje kvar enkelt, og der utviklinga skjer ut frå eigenvennskap ståstad. Dette vart stadfesta i møtet med rektor, som viste til ein tydeleg strategi for førebygging og handtering av mobbing. Eg fekk gleda av å møte 1. klasse, som hadde førebudd seg på å stille spørsmål – eller rettare sagt kanskje «grille» biskopen. I tillegg fekk eg oppleve BlimE-dansen, som nettopp er eit uttrykk for stor inkludering og venskap. Med rektor fekk vi òg kort snakka om samarbeidet mellom skule og kyrkje, og at forholdet her i kommunen er godt.
Ein visitas skal ha eit møtepunkt med administrativ og politisk leiing i kommunen. Det er viktig, for kommune og kyrkje deler eit skjebnefellesskap. Det handlar sjølvsagt om gode løyvingar og samarbeid, men òg om at vi deler det same målet: å skape eit godt og trygt lokalsamfunn med rom for alle. Vi fekk møte ordførar, formannskapet og kommunalsjefar. Ordførar og kommunedirektør fortalde entusiastisk om kommunen, og vi fekk til ein god samtale om dei ulike samarbeidsområda som kyrkje og kommune har – og kva som kan vere mogleg framover. Det kan handle om å styrke samarbeidet mellom skule og kyrkje, beredskapsarbeid og andre diakonale tiltak. Det er ein god relasjon mellom kyrkje og kommune her, og det vart stadfesta gjennom dette møtet.
Visitasen har hatt eit slags uoffisielt tema om psykisk helse, og kanskje særleg retta mot menn. På kulturkafeen i Slidre fekk eg delta på «Karprat – ein møteplass for vaksne mannfolk». Det starta ganske enkelt med eit behov for å ha nokon fleire å prate med, og har vakse til å bli eit fellesskap som møtest kvar 14. dag for kaffi og prat. Fleire av dei til stades skildra dette som ein viktig arena, ikkje minst for å motverke einsamheit. Slike møteplassar veit vi er avgjerande for å skape eit godt samfunn, og behovet vil berre bli større i åra som kjem.
Å leggje til rette for ein verdig alderdom med god omsorg er eit viktig mål for einkvar kommune. Vestre Slidre helsetun vart teke i bruk hausten 2023, og har vorte eit flott senter med over 20 institusjonsplassar fordelt på tre avdelingar. Her finst det kort- og langtidsplassar, rehabilitering og avlastningsplassar. Vi fekk ei kort skildring av bygget, helse på bebuarar og snakke med dei tilsette. Kyrkja si nærvær er eit viktig diakonalt tiltak, og vi heldt andakt med kjende og kjære salmar – og ikkje minst bad Fader Vår på gamlemåten.
I Vestre Slidre ligg det eit lågtryggleiksfengsel. Slidreøya er mellom anna ein viktig arbeidsplass i kommunen, og fengselet har no vore operativt i 40 år. Gjennom særleg prestetenesta vert fengselet eit viktig diakonalt satsingsområde for kyrkja. Kyrkja sitt nærvære på slike samfunnsinstitusjonar har av Kyrkjemøtet vorte skildra som «ein sentral del av oppdraget som landsdekkande folkekyrkje», ja, heilt sentral for kyrkja sitt oppdrag og sjølvforståing. Eg er glad for at eg fekk besøke Slidreøya, og at eg gjennom møte med både tilsette og innsette fekk god innsikt i den tydinga kyrkja sitt nærvære har for dei som lever delar av livet sitt i fengsel. Kyrkja tilbyr pilegrimstur, samtalar, gudstenester og markeringar. Presten vert òg brukt når det oppstår kriser, og det vert opplevd som ein stor ressurs. Som biskop var det berikande å få kome tett på eit så viktig diakonalt arbeid som kyrkja her gjer.
Ringen vart slutta med eit nytt besøk i Slidredomen. Denne gongen med konsert med elevar og lærar frå kulturskulen. Det vart servert song og gitarspel, flott innramma med tonar frå fløyte. Det var ein kveld som viste det fellesskapet som vert skapt i ramma av kyrkje og kultur, som både løftar fram det å bli sett og inkludert. Det runda av ein innhaldsrikdag i Slidre sokn.
Torsdag
Den siste dagen vart brukt i Lomen sokn. Sjølv om det var litt kaldt, var det utruleg flott å ha morgonbøn i Lomen stavkyrkje. Kyrkja er datert til slutten av 1100-talet, og dette tidsvitnet viser verkeleg kyrkja sitt nærvære og djupne i soknet her over så lang tid.
Å møte menneskelege livserfaringar er noko eg som prest har gjort mange gonger. Menneske si evne til å stå i det utålelege er merkeleg, og sluttar aldri å imponere meg. I kommunen her har det vore ein del utfordringar knytt til at menneske tek sitt eige liv. Det var tema i Lomen kyrkje: «Når nokon nær deg brått og uventa avsluttar livet». Einar Lome fortalde og viste ein film om broren sin, som tok sitt eige liv. Det vart ein sterk samtale, og ei påminning om at det å vere menneske verkeleg er sårbart. Eg er glad for at dette temaet vart løfta fram under visitasen. Sjølvmord har dessverre vore noko kommunen har erfart over fleire år, og har fokus på. Nyleg mottek Den norske kyrkja rapporten «Å velje livet – Den norske kyrkja og sjølvmord». Denne slår fast at Den norske kyrkja har ei viktig rolle i å bidra til førebygging av sjølvmord, mellom anna gjennom møteplassar og samtalar. Rapporten gir fleire forslag til fem innsatsområde som det går an å sjå nærare på som ressurs.
Å vere ein del av kyrkja og livet rommar både det eine og det andre. Frå ei sterk
stund i kyrkja drog vi vidare til eit møtepunkt med ein klassisk tradisjon i Valdres,
nemleg rakfisk. På Trøsvik fekk vi høyre om denne vesle familiedrivne verksemda,
som står for sin eigen fisk, og der all behandling framleis skjer for hand. Her er det snakk om kvalitet, og sjølv om det er småskala, er det ingenting smått med det dei produserer. Det fekk vi òg oppleve gjennom ein god rakfisklunsj.
Under denne lunsjen på Johmsborg grendahus fekk vi òg høyre om Johmsgrenda, og ikkje minst tankane som finst rundt Vik Sag. Jan Tore Vik fortalde om at dette har vorte ein stad der folk kan stikke innom – særleg menn. I ramma av god lukt frå hogd «timber» vert det ærleg prat, og det vert fortalt at dette har blitt ein viktig ventil for menn. Det er altså ein del «karprat» som føregår også her. Inspirerande og fint å høyre på.
Dei kyrkjelege tilsette er dei daglege tillitsskaparane i den lokale kyrkja. Eg fekk møte staben her, og sjølv om ho er lita, så er det eit stort hjarte for det å skape ei kyrkje som er i berøring med folk sine liv. Vi fekk snakka om den noko utfordrande situasjonen som har vore med ein del ustabilitet i bemanninga, men òg sjå framover på kva som vil vere mogleg å få til.
Etter middag på Saras kafé reiste vi til Mekkeklubben i Lomen. Dette er eit
skuleeksempel på kva som er mogleg å få til gjennom god samskaping mellom kyrkje og kommune. Det starta med ein visjon om å gjere noko godt for unge menneske i Vestre Slidre og Vang – om å skape ein god møteplass for fellesskap, aktivitet og inkludering. Det har de verkeleg fått til, og det var så godt å sjå dei smila og tilhøyrsla som ungdommane utstrålte over å få ha denne fellesskapsarenaen i livet sitt. Vi avslutta møtet her – og visitasens siste dag – med andakt saman.
Del 2 – Betraktningar og utfordringar
Etter å ha opplevd desse tre fulle dagane i Vestre Slidre, er eg fylt opp av inntrykk.
Det er ingen tvil om at det skjer mykje i sokna. Det skjer veldig mykje bra, og eg har fått oppleve engasjerte folkevalde, frivillige og tilsette som ønskjer å gjere det beste for innbyggjarane i kommunen. Gjennom samtalar, møtepunkt og observasjonar har eg gjort meg nokre tankar om kva som kunne vere fornuftig og spennande å sjå på framover. Mitt innsteg har heile tida vore å nettopp sjå framover og ruste oss for det vi veit kjem – men òg det vi ikkje veit kjem. Eg har landa på å gi dykk sju utfordringar å arbeide vidare med. Fleire av dei kan sjåast i samanheng.
I. Gudstenester og kyrkjelege handlingar
Her i kommunen har de verkeleg mange flotte kyrkjebygg. Desse vert fylte med liv gjennom gudstenester og kyrkjelege handlingar, kulturaktivitetar og undervisnings- og diakonale møtepunkt. De er stolte av desse kyrkjene, og det med rette. Vi veit at kyrkjene har ein viktig plass i folks medvit og liv, særleg i møte med dei store livsløpshendingane. Ein rite ber preg av møte mellom det heilage, den treeinige Gud, og menneske. Dei som kjem til kyrkja ber på ein måte verda med seg inn i rommet, og difor må òg gudstenesta våre spegle dette.
Vi veit at menneske ikkje lenger går til kyrkje av vane, men når det er noko som rører ved liva deira. Dette kan vi tenkje stort om. Det er naturleg å tenkje på barn som vert borne til dåpen, konfirmasjon og gravferd. Men det kan òg vere andre ting som menneske ber på, og som dei treng at kyrkja rører ved og løftar fram – ikkje minst som eit håp og rop til Gud. Kanskje er det òg behov for å sjå på om ein skal utvide gudstenestene med til dømes kyrkjekaffi. Min fyrste utfordring er at de:
1) Gjer ein gjennomgang av gudstenestelivet sitt årshjul. Sjå til kva
berøringspunkt som finst mellom kyrkje og folk, og kva
samarbeidsmoglegheiter som finst med lag og foreiningar,
organisasjonar og andre. Dette vil særleg kunne gjelde innan arbeid med
barn og unge, diakoni, kyrkjemusikk og kultur.
II. Omsorg og solidaritet
Diakonien i kyrkja kjem til uttrykk gjennom nestekjærleik, inkluderande fellesskap,
vern om skaparverket og kamp for rettferd. Under visitasen har psykisk uhelse,
utanforskap og einsamheit blitt tematisert. Dette er område som er heilt i kjernen av kva diakonien handlar om. Som kyrkje vil vi hjelpe menneske til å meistre livet, og dette handlar av og til om å gå inn i dei mest krevjande sidene ved det å vere
menneske.
Vestre Slidre kommune har òg ei medvit om dette, og har mellom anna oppretta det som kallast Bondens nettverk. Bønder står i ein livssituasjon med større
arbeidsmengde, aukande arbeidspress og meir uro rundt økonomien på garden, og psykisk uhelse vert for fleire ei utfordring. Nettverket er meint å skape eit
tryggleiksnett rundt den enkelte. Andre tiltak, slik som «Karprat», er tenkt som noko av det same. Eg vil òg meine at kyrkja sitt arbeid på Mekkeverkstaden er ein arena for å skape samhald og fellesskap, og som igjen bidreg til at menneske ikkje opplever seg like einsame og utanfor.
Kyrkja kan difor arbeide med dette både på eige initiativ og i samarbeid med andre. Eit viktig døme på dette er Slidreøya. For bispedømet og meg som biskop er det difor viktig at noko av prestetenesta i Vestre Slidre nettopp vert kanalisert til arbeid i fengselet.
Eg vil på bakgrunn av dette utfordre dykk til å:
2) Jobb vidare diakonalt med utfordringar knytt til psykisk uhelse,
utanforskap og einsamheit. I dette arbeidet er det naturleg å sjå til fleire
samarbeidspartnarar, slik som kommune og lag og foreiningar.
III. Barn og unge
Vi har fått høyre gjennom veka at det er gode relasjonar mellom kyrkja og skulen og dei to barnehagane i kommunen. Ein møter veldig mange barn gjennom
skulegudstenester og barnehagegudstenester. Vi har eit særleg ansvar for å tradere kunnskap og kjennskap til kristne tradisjonar og vår felles kulturarv.
Det er mange berøringspunkt mellom læreplanane i skulane og det kyrkja kan tilby av kompetanse og opplegg, og vi bør tenkje stort om dette. Kanskje kan til og med kyrkjeromma brukast til matematikkundervisning?
I åra fram mot Nasjonaljubileet 2030 vil det òg finnast spennande område å
samarbeide om, då både kyrkje og skule er sentrale i det å markere både kristninga av Noreg og dei verdiane nasjonen vår er bygd på. Her kan det vere mykje stoff å ta tak i, og det er allereie utvikla – og vil kome fleire – ressursar frå Den norske kyrkja til dette i tida framover.
Eg meiner at samarbeidet bør nedfellast i ein samarbeidsplan, slik at det ikkje vert for knytt til enkeltpersonar sine relasjonar. Eg meiner òg at ein slik plan er viktig i eit beredskapsperspektiv – at barn og unge er kjende med kyrkjerommet før dei
eventuelt vil oppsøkje kyrkja ved kriser og ulukker.
Ein slik plan vil det òg framover vere naturleg å sjå i samanheng med innføring av ny plan for kyrkjeleg undervisning og læring i Den norske kyrkja. Eg utfordrar difor dykk til å:
3) Saman med kommune, skule og barnehage – sjå på kva fagleg innsteg
ein har for samarbeid, og kva arbeidsmetodar det er mogleg å bruke.
Formaliser samarbeidet i ein eigen avtale. Eit allereie godt forhold
dannar eit godt grunnlag for framtida.
IV. Kyrkja i lokalsamfunnet
I samfunnsdelen i kommuneplanen for Vestre Slidre vert ordet samarbeid trekt fram som eit nøkkelord. Det handlar om at kommunen ser samarbeid mellom mange instansar som heilt avgjerande for å nå målet om å «fremje berekraftig utvikling til beste for den enkelte, samfunnet og framtidige generasjonar».
Særleg innanfor to overordna prioriteringar vil kyrkja ha ei viktig rolle: å skape ein
attraktiv kommune for å leve, bu og arbeide i – og i arbeidet med folkehelse og
livskvalitet. Kyrkja, med alle sine møteplassar, aktivitetar og ikkje minst sorgarbeid, står sentralt.
Behovet for sosiale møteplassar vart særleg trekt fram i møtet med kommunen, og det er nødvendig å skape rom for fleire. Vi veit òg at kyrkja har ein heilt særskild plass når det skjer katastrofar og kriser i lokalsamfunnet.
For å ha gode og føreseielege rammer for samarbeidet og kyrkja sitt eige arbeid, vil eg utfordre dykk til:
4) Vestre Slidre kyrkjelege fellesråd, saman med Vestre Slidre kommune,
finn gode møtepunkt i kommunen sine budsjettprosessar. Det bør vere
eitt møte om våren og eitt om hausten.
Eg har som biskop eit særleg engasjement for opne kyrkjer. Dette har fleire
dimensjonar – ikkje minst i beredskapssamanheng. Teologen Svein Aage
Christoffersen seier det slik:
«I kyrkjebygget skal den kristne forsamlinga opne seg for denne verdas
menneske. Difor er openheita ingen trussel mot kyrkja si eigenart. Det er tvert
imot openheita som er eigenarten. I prinsippet burde kyrkjedørene våre stå
opne døgnet rundt, heile året.»
Dette tenkjer eg bør vere utgangspunktet vårt: Kyrkjedørene burde stå opne. Så kan vi praktisk diskutere og argumentere for når vi bør og må stenge dei – og ikkje omvendt.
Dei kyrkjelege tilsette i bispedømet var i september inviterte til ein stiftsdag med
nettopp dette som eit sentralt tema, og vi samtala òg om dette i møte med sokneråda under visitasen. Eg utfordrar difor dykk til å:
5) Sjå på moglegheitsrommet for å ha – eller vidareutvikle – opne kyrkjer
i Vestre Slidre.
V. Medarbeidarskap og organisering
Som kyrkje arbeider vi på mange arenaer. Det har lenge vore ei utfordring for
sokneråda å ha eit oversiktsbilete over alt som skjer, og dermed kunne vere det
strategiske organet som set retning. Difor har vi fått på plass det digitale verktøyet Kyrkja vår – samla plan for arbeidet i sokna.
Dette er både eit verktøy for å samle planverket og for å sjå ting i samanheng, men det ligg òg ein metodikk her som skal hjelpe oss med å gjere strategiske satsingar bygd på god kunnskap om samfunnet rundt oss. «Kyrkja vår» er òg no staden som skal brukast til rapportering, og vere knytt til kyrkja si tilskotsordning frå bispedømerådet til kyrkjelege fellesråd.
Her vil det kome eit krav om at all aktivitet som det vert gitt tilskot til, skal leggjast inn i «Kyrkja vår». Hovudpoenget er at denne samla planen vil kunne gi ei samla oversikt over alt arbeidet innan soknerådet si verksemd. Å arbeide med dette vil òg kunne gi dykk ei utviding av planverket innan diakoni og kyrkjemusikk.
Eg veit at innføringa av «Kyrkja vår» har hatt sine utfordringar, men det har eit stort potensial. Så start med det de allereie gjer. Eg vil difor be dykk om å:
6) Ta i bruk verktøyet og den strategiske metoden i «Kyrkja vår – samla
plan for sokna» i alle sokneråd og stab.
Kyrkjemøtet har vore oppteke av at det vert lagt til rette for fellesløysingar innan
digitalisering og system i Den norske kyrkja. Dette handlar mellom anna om
moglegheita for større samhandling i heile kyrkja.
I den førehandsinnsendte rapporten frå Vestre Slidre kyrkjelege fellesråd vert det
skrive at det er nokre utfordringar knytt til dei administrative systema – slik som
digitalt arkiv, kyrkjebokføring osv. Mi siste utfordring til dykk er difor at de:
7) Vurder kva digitale administrative system som skal innførast i lys av Den norske kyrkja sitt arbeid med fellesløysingar. Dette inneber òg å leggje til rette for opplæring av sentrale personar.
Avslutning
Eg vil avslutte med å takke.
Takk til alle som har planlagt visitasprogrammet. Takk for alle innsendte rapportar.
Takk for gudstenester, samtalar, handtrykk og møte. Takk for alle forteljingane som har blitt delte med meg. Det har gjort stort inntrykk.
Eg ønskjer all lukke til med det vidare arbeidet i sokna i Vestre Slidre.
Må Gud velsigne Røn, Slidre og Lomen sokn!
Må Gud velsigne Vestre Slidre kommune!
Ole Kristian Bonden
Biskop i Hamar
