Kvifor arbeider kyrkja med menneskeretter?

I Den norske kyrkja har kampen for menneskeretter vore sentral i mange tiår. Dette arbeidet vil ytterligare styrkast i åra som kjem.

Foto: Rettferdskonferansen.no

Jesus talte tydeleg om det gode bodskap for dei fattige, om at fangar og undertrykte skal settast fri (Lukas 4,18). Bibelen gjer oss mange døme som kan motivere kyrkja til å engasjere seg i kamp for rettferd i samfunnet vi står i.

Menneskerettane er konkrete og gode arbeidsverktøy i vårt arbeid i kyrkja, det hjelper oss å peika på urett og å sette krav. Den norske kyrkja arbeidar tett med andre religiøse samfunn og organisasjonar, og i dette arbeidet er menneskerettane eit viktig fellesspråk som hjelper å fokusere samarbeidet.

Med basis i det kristne menneskeverdet
Den kristne trua på at kvart enkelt menneske har ei sterk verd i seg sjølve, at kvar enkelt er skapt i Gud sitt bilde, leggjar grunnlag for ei radikal likeverdstanke i kristendommen.

Bibelen fortel oss at menneskeverdet ikkje er avhengig av evner og eigenskapar som til dømes kjønn, økonomisk status eller nasjonalitet. Det kristne menneskesynet, og trua på Gud som skapar, gjer dermed ei klar oppgåve til kyrkja om å stå opp for den enkelte, spesielt den som vert undertrykt og som får sine rettar krenka.

Den juridiske sida ved menneskeretter forpliktar fyrst og fremst statar. Kvar stat har ansvar for å respektere, beskytte og oppfylle menneskerettane. Kyrkja er med og halde styresmakter ansvarlige.

Kyrkja arbeidar og for å støtte det enkelte menneske slik at det sjølv kan lære om sine retter, og dermed også forsvare og krevje dei.

Kontaktinformasjon for Mellomkirkelig råd

Kirkens Hus Rådshusgata 1-3, Oslo

Åpningstider resepsjon:

Mandag-fredag kl. 09.00-15.30

Telefon: 23 08 12 00

Postadresse:

Mellomkirkelig råd

Postboks 799 Sentrum

0106 Oslo

E-post: post.kirkeradet@kirken.no

Ansvarlig redaktør
Emil Tan Engeset

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"