Solidaritet med dei kastelause

Eit stort, men lite påakta menneskerettsbrot i vår tid er uretten mot dalitar, eller kastelause. Ein reknar med om lag 260 millionar menneske er utsette for kastediskriminering i vår tid. Flesteparten av dei bur i India, men problemet er også tydeleg i mange av nabolanda.

Dei grove menneskerettsbrota er ofte samansette med brot på sivile-, politiske, økonomiske- og kulturelle rettar. Til trass for eit godt lovverk og kvoteordningar, lever den fleire tusen år nedarva kastediskrimeringa godt, særleg på landsbygda. I praksis vert dalitar ofte utsette for farleg og «ureint» arbeid, og er utsette for vald som sjeldan vert etterforska og straffeforfulgt.

Storparten av dei kristne i India tilhøyrer dalitane, sjølv om leiarskapet i kyrkjene tradisjonelt har relatert seg til høgare kaster.

Dei seinare åra har kyrkjene India og misjonsorganisasjonar vorte meir medvitne om menneskerettsbrota. Sidan 80-talet er det utvikla ein eigen dalitteologi, som gjev eit større medvit og utfordrar til sosialt ansvar. Temaet er tatt opp av Det lutherske verdsforbundet og Kyrkjenes Verdsråd.

Indiske kyrkjefolk har også vore med i organiseringa av mellom anna International Dalit Solidarity Network, og er i aukande grad med på å sette saka på dagsorden. Dei siste åra er kastediskriminering blitt løfta høgare opp i mellom anna FN-systemet

Slik arbeider Den norske kyrkja:

Gjennom KV, LVF og direkte kontakt særleg med dei lutherske kyrkjene, prøver vi å halda oss oppdatert og støtta gode tiltak. Mellom anna har Den norske kyrkja hatt kastediskriminering som hovudsak for menneskerettssøndagen, med materiell utvikla i samarbeid med Kyrkjerådet i India. Kyrkja samarbeider og med organisasjonar som Strømmestiftelsen og Stefanusalliansen, som har arbeid på dette området.

Mellomkyrkjeleg råd for Den norske kyrkja var ein av initiativtakarane til Det norske Dalitsolidaritetsnettverket (DSN-Norge). Dette er ein arena for norske sivilsamfunsaktørar for å auka medvitet om saka, og å påverke styresmakter og næringsliv.

Gjennom eigarskapet i Det norske menneskrettighetsfondet www.nhrf.no er Mellomkyrkjeleg råd med på å støtte lokale menneskerettsorganisasjonar i mellom anna India og Pakistan, som arbeider med mobilisering av utsette kastelause og urfolk og kapasitetsbygging av nettverk.

Mellomkyrkjeleg råd driv og lobbyarbeid aleine eller saman med andre, gjennom møter med politikarar, departement, ambassader eller gjennom media.

Arbeidet med kastediskriminering har hatt ringvirkninger inn i ungdomsdemokratiet i Den norske kyrkja. I 2012 handsama Ungdommens Kirkemøte ein egen sak om kastediskriminering, med tydelege utfordringar til både kyrka og regjeringa.

Kontaktinformasjon for Mellomkirkelig råd

Kirkens Hus Rådshusgata 1-3, Oslo

Åpningstider resepsjon:

Mandag-fredag kl. 09.00-15.30

Telefon: 23 08 12 00

Postadresse:

Mellomkirkelig råd

Postboks 799 Sentrum

0106 Oslo

E-post: post.kirkeradet@kirken.no

Ansvarlig redaktør
Emil Tan Engeset

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"