Kyrkja som konsertarena

12 000 konsertar finn stad i kyrkjene gjennom året, med til saman 1,5 millionar besøkande. Kyrkjeromma representerer nokre av dei mest attraktive konsertlokala vi har, og kyrkja har lang tradisjon for sjølv å vere konsertarrangør. Det er soknerådet som har avgjerdsmynde ved utleige av kyrkja.

Bestillingsverket "Messe for livets kontraster", framført i Frogner kyrkje i Oslo. Det Norske Jentekor (dir. Anne Karin Sundal Ask), Schola Cantorum (dir. Tone Bianca Sparre Dahl), jazzpianist Andreas Ulvo og musikarar frå Kringkastingsorkesteret, saman med komponisten for bestillingsverket, Frøy Aagre, på saksofon. (Foto: Laila Meyrick, Oslo Internasjonale Kirkemusikkfestival)

Kyrkja er eit vigsla rom og dermed annleis enn andre konsertlokale. Det som skjer i kyrkja har eit overordna mål: Å ære Gud og bygge opp kyrkjelyden. Konsertar og andre kulturelle arrangement i kyrkja setjast inn i ei ramme som viser at dette er siktemålet. Innanfor desse rammene er det rom for både store gledesutbrot, håp, tru, fortviling, opprør – ja, alle menneskelege ytringar, formidla med ulike kunstnarlege verkemiddel.

I gjeldande vegleiing for bruk av kyrkja heiter det: «Det som foregår i kirken skal ikke være preget av restriksjoner og forsiktighet, men av gudstjenesteliv, gudsopplevelse, engasjement og framtidshåp, der evangeliets trøst, varme og fellesskap blir formidlet i sorg og glede.»

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"