Eit produksjonssamarbeid kan vere: Konsert, utstilling, drama, dans, eller andre (sceniske) kunst/kulturarrangement i ei kyrkje eller annan kulturarena.
Nasjonale aktørar kan ta direkte kontakt med kulturrådgjevar hjå Kyrkjerådet eller bispedømet.
Økonomi
Den norske kyrkja har ikkje eigne produksjons- eller arrangementsmidlar. Økonomi til dette må søkjast innanfor det regelverk og dei ordningar som er oppretta for det allmenne kulturliv.
Rådgjevnad
Rådgjevnad overfor utøvarar/produsentar hjå bispedømmet sin kulturrådgjevar i søknadsskriving forutset samarbeids- eller intensjonsavtale om prosjektet i ein eller fleire kyrkjelyd.
Kyrkja som utleigar
Kunst- og kulturverksemd er eit av kjerneområda til Den norske kyrkja. Ei av oppgåvene for dette området er utleige av kyrkjebygg til kunst- og kulturarrangement. Kyrkja har eit regelverk for dette i kyrkjeordning for Den norske kyrkja. Ved denne typen leige dukker det gjerne opp spørsmål både i kyrkja og hjå leigetakar. På grunn av dette er det utarbeida ei rettleiing til refleksjon kring kyrkja si leigeverksemd. Potensielle leigetakarar bør også kjenne til rettleiinga. Sjå dokument under.
Ledsagerbevis
Ved samarbeid med kyrkjelyd og/eller leie av kyrkje til kulturarrangement, vert utøvarar/produsentear utfordra til å akseptere ledsagerbevisordninga. Les meir om ordninga her: https://helsenorge.no/hjelpetilbud-i-kommunen/ledsagerbevis
FNs berekraftsmål
Vi oppmodar utøvarar og produsentar til å etterleve FNs berekraftsmål.