Laurdag vart preses Olav Fykse Tveit invitert til kondolanseaudiens på Slottet.
– Eg har vore på audiens hos Hans Majestet Kong Haakon VIII, der også Høgvyrde Kronprinsesse Ingrid Alexandra var til stades. Noregs nye konge og kronprinsesse. Det var godt å møte dei begge.
– Her fekk eg uttrykkje kyrkja si støtte og medkjensle, og helse frå fleire trus- og livssynssamfunn. Vi er mange som ber for dei og støttar dei, kvar på vår måte.
Skreiv i kondolanseprotokollen
Som en del av besøket, fekk preses signere kondolanseprotokollen.
Han fortel: – Der skreiv eg mellom anna at det har vore eit privilegium å ha ein konge som møtte menneske med respekt og verdigheit, på tvers av tru, livssyn og tilhøyrsle. For kongen var trygg i trua si, og han var ikkje redd i møte med menneske. «Er du trygg på ditt eige ståstad, er du trygg i møte med andre», har kongen sagt ved fleire høve. Han viste veg i kunsten å samle menneske og leie ein nasjon prega av mangfald. For det fortener han ein djup takk.
Les minneordet frå preses her.
Bad ved kong Haralds båre
Saman med kongen, kronprinsessa og statsministeren, fekk Fykse Tveit også delta på syninga av kong Harald.
– Det var ei sterk og spesiell stund, der vi ba ei bøn, takka Gud for hans liv, for alt han har tydd for oss alle og for at vi kan legge også han i Guds hender



