Luke 12: Ruth Lillegraven

"Det vesle barnet låg der på høyet i kledet eg hadde sveipt det inn i, og var så lite at det ikkje var til å tru." Les juleforteljinga til Bragepris-vinnar Ruth Lillegraven her.

Ruth Lillegraven. Foto: Paal Audestad/Tiden

Ruth Lillegraven f. 1978 frå Granvin i Hardanger debuterte med diktsamlinga «Store stygge dikt» i 2005 som fekk mykje merksemd og gode kritikkar. Diktsamlinga «Urd» er hennar store gjennombrot, som ho fekk Brageprisen og Bokbloggerprisen for. I 2014 kom ho med diktsamlinga «Manilahallen». I 2016 skal ho vere festspeldiktar for Dei nynorske festspela.

 

Maria fortel

Av Ruth Lillegraven

 

Det vesle barnet låg der på høyet i kledet eg hadde sveipt det inn i, og var så lite at det ikkje var til å tru. Og ikkje var det her barnet skulle bli fødd, ikkje i ein stall og ikkje så langt heimanfrå, men ikkje noko av dette betydde noko no, ikkje anna enn dette barnet, det vesle barnet som låg der i krybba med nevane så små, så små og auga så store, så store, barnet som var mitt barn, mitt og Josef sitt. Heller ikkje det var til å tru. Ikkje noko var til å tru, men på same tid var alt til å tru og alt til å skjøne, meir enn det hadde vore, for no hadde alt opna seg, opna seg som den vakraste kvite blome på den skjøraste, mest skimrande sommardag. Alt var sant og godt og stort. Ja, slik var det. For her var barnet, her var Josef og mitt sitt barn, og vakrare kunne det ikkje vore.

Det var då dei kom, gjetarane. Slitne var dei. Dei hadde gått langt. Med seg bar dei natta og månen, den kjølige lufta og den varme saueulla, alt som levde og ikkje levde der ute, medan vi låg her inne i dette nye. Gjetarane såg og såg på oss, og ikkje passa det seg at dei var der og ikkje at dei såg slik på oss, men eg sa ingenting, såg berre ned på barnet, på dei små nevane og dei store auga. Son min. Min son. Min. Min. Kva liv var det som låg inne i denne vesle kroppen og venta på å falde seg ut, opne seg som kvite blomen mot sommardagen? Kven er du? kviskra eg. Kven er du, vesle gut, og kven skal du bli? Måtte du berre bli god, sa eg så, og strauk han over kjaken. Måtte du bli god og audmjuk, måtte du klare å sjå fara etter alle som har gått før deg, og alle som skal kome etter deg.

Gjetarane stod der og prata med Josef, og eigentleg skjøna eg ikkje kva dei ville, kvifor dei var her inne. Kvifor let dei oss ikkje berre i fred, i slik ei stund? Eg likte ikkje at dei stod der, det fylte meg med kulde utanfrå, med alt som eg ikkje ville at det vesle barnet vårt skulle vite noko om. Men så tok Josef mennene med bort til meg. ‒ Maria, sa han. ‒ Desse gjetarane har noko dei vil fortelje oss. Eg sa ikkje noko, eg hadde ikkje noko å seie, ville berre at dei skulle gå, men det ensa dei ikkje. Dei byrja fortelje om eit veldig lys dei hadde sett, eit lys større og lysare enn noko anna lys, og om ein engel som så hadde vist seg for dei og snakka til dei. Eit barn var fødd i ein stall i Betlehem, hadde engelen sagt. Eit heilt spesielt barn. Så hadde eit kor kome og sunge. Og etter dette hadde ikkje gjetarane vore redde meir. Dei hadde bestemt seg for å reise og sjå om dei kunne finne eit barn fødd i ein stall i Betlehem. Så hadde dei gått og gått, heilt til dei kom hit. Til oss.

Eg sa framleis ikkje noko. Josef verka skeptisk. Så vart det til at ingen av oss sa noko, og gjetarane, som no var komne heilt bort til oss, dei berre såg på det vesle barnet som låg der på høyet i kledet eg hadde sveipt det inn i, barnet som låg der og var så lite at det ikkje var til å tru. Så stod vi der, så sat vi der. I ring i kring han stod og sat vi, og berre såg og såg. 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"