Dette skreiv eg på Facebook-oppdateringa mi etter kvelden; - Herleg og kvalitetsmessig sterk kulturkveld i Innset kyrkje! Kåre Haugan gjer formen lett og ledig, Frelsesarmeen gir lettfatteleg musikk for god allsong og Edvard Hoem fortel like godt som han skriv! Kjekt!
Framleis står denne uttalen seg. Vi fekk mykje att for å vere tilstades, vi som kom. Til saman omkring 130 personar fekk høyre Hoem fortelje om prosessen med å skrive bøkene om familien sin. Det er interessant og vi blir klokare og får meir kunnskap av å lese eller høyre slektssoga til Hoem. Forfattaren har eit språk som gir driv. Han fortel konsist og få ord har stort innhald.
Innset menighetsråd skal ha stor takk for at dei fekk til denne kvelden. Det var mange i sving og det var fint med kaffepause midt i arrangementet. Kåre Haugan er alltid god som møteleiar. Det blir raust, artig og varmt når han fører oss gjennom. (Herborg Skjolden)
Kvalitet på Kulturkveld i Innset kyrkje
Kulturkvelden 21.april i Innset kyrkje var prega av dyktig forfattar, dyktige musikarar frå Frelsesarmeen, dyktig arrangør og ein glad møteleiar!