Kjære du som skal bli 4 år i år!
Velkommen til familigudsteneste i Kausland kyrkje.
Der skal du få treffe den vesle sauen Krølle. Han er veldig nysgjerrig og ganske vimsete, og av og til likar han å gøyme seg i kyrkja. Eg håpar du kan bli med å leite etter han på gudstenesta!
På gudstenesta skal vi synge mange songar saman og få høyre ei forteljing frå Bibelen. Alle som blir 4 år i år, skal få ei kjempeflott forteljingsbok! Der står forteljinga om ein sau som gjekk seg vill, men òg 30 andre fine forteljingar frå Bibelen. Håpar at eg ser deg der!
Meld deg på i skjemaet under, slik at vi får registrert og gjort klar bok til deg.
PS. Dersom du ikkje har høve til å kome på gudstenesta vil det òg vere mogleg å få boka på gudstenesta i Sund kyrkje 18. januar kl. 11, eller å hente boka på Kyrkjekontoret i Sund. Berre kryss av på det på påmelidngsskjemaet.
