Kyrkjeleg undervisning og læring i Sund

I Sund sokn skjer det mykje spanande for barn og unge! Vi har kyrkjeleg undervisning og læring for menneske i alle aldrar, men har likevel eit spesielt fokus på barn og unge.

Kyrkjeleg undervisning og læring i Sund

I dette arbeidet er vi opptatt av både regelmessig samlingar – der barn og unge kan møtest over tid – og einskilde arrangement/opplegg i kyrkjene våre, laga for kvart alderstrinn.

Av regelmessig grupper har vi babysong, Stjernekoret (4-9), Betweensklubben (9-13) og Trefffpunkt (11-16) og Myldredag og Kyrkjemiddag for heile familien og alle generasjonar. Gruppene er opne for alle som vil vere med! (Du finn meir info om gruppene her!)

 

Vi har òg samlingar og opplegg som er laga for spesifikke alderstrinn.

  • Alle 4-åringar blir inviterte til å få 4-årsbok i kyrkja.
  • Alle 6-åringar blir inviterte til Førsteklasses frukost og skulestartgudsteneste 
  • Alle 8-åringar blir inviterte til Tårnagentdag 
  • Alle 10-åringar blir inviterte til å få bibelbok i kyrkja
  • Alle 12-åringar blir inviterte til Lys vaken (overnatting i kyrkja)
  • Alle 14-åringar blir inviterte til å vere med i konfirmantåret

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"