Frå Facebook-gruppe til Facebook-side

Løvstakksiden menighet har skifta plattform på Facebook.

Frå Facebook-gruppe til Facebook-side

Av Knut Arnold Kvalsvik

Vår nye Facebook-side

Sidan 2012 har Løvstakksiden menighet hatt ei Facebook-gruppe som ein av sine kanalar for å informere om kva som skjer i menigheta. Etterkvart hadde vi vorte mindre aktive i denne gruppa. Denne våren prøvar vi å på nytt verte meir aktive på Facebook; og vi skiftar då samtidig Facebook-plattform. Vi har oppretta ei ny Facebook-side, på plass frå 3. april 2020. Denne har nett-adresse:

https://www.facebook.com/lovstakksidenmenighet.no/

Det er denne siste vi no satsar på som vår Facebook-kanal.

Den gamle gruppa vil antakeleg verte lagt ned på sikt, viss den då ikkje skulle vise seg å fylle eit anna behov. Men dette skjer ikkje med det fyrste, vi vil gje medlemmane god tid til å verte med over til det nye.

Grunnen til at vi gjer dette, er at den nye plattformen, som er ei Facebook-side, har ein del fordelar framfor den gamle, som er ei Facebook-gruppe. Sider og grupper er ikkje det same, sjølv om der er ein del likskapar.

Lik (helst) eller fylg oss

Ein forskjel er at ei gruppe har medlemmar, medan ei side har fylgjarar. Vi håpar at medlemmane i den gamle gruppa, og andre også, vil verte med som fylgjarar av den nye sida. Dette vil framover vere den rette måten å få informasjon om Løvstakksiden menighet på via Facebook.

Ein kan berre fylgje den nye sida, eller ein kan også like sida. Vel helst det siste – ikkje for å smigre nokon i staben eller andre, men for at vi skal vise igjen i søkjemotorane. Vi vil helst at når ein søkjer i Google, Startsiden, Bing, Yahoo, DuckDuckGo eller andre søkjemotorar, så skal Facebook-sida vår komme med blant resultata (viss ho er relevant for søket). Og utan at eg kan detaljane om korleis dette virkar, så forstår eg det som at dess fleire som likar oss, dess lettare kjem vi med i slike søkjeresultat.

Fordelar med ei side framfor ei gruppe

Den gamle gruppa var godt etablert, så det er klart at ein skal ha sine grunnar for å «skrote» denne og starte på null igjen. Der er i alle fall fylgjande fordelar med ei side framfor ei gruppe:

(1) Sida er meir synleg

For å sjå noko av gruppa, må ein vere logga inn på Facebook. Sida, derimot, er synleg for alle, også om dei ikkje er logga inn, og kanskje ikkje har Facebook-konto i det heile. Dette er kanskje den viktigaste grunnen til å skifte. Sida vil
(a) vere synleg for eit vidare publikum: alle som er på web.
(b) kunne vise igjen i resultata frå søkemotorar, viss vi har nok «likes».
(c) Kunne byggjast inn i våre vanlege nettsider – om vi vil. Det er ikkje sikkert vi gjer dette siste, men det er i alle fall muleg, og noko som somme gjer.

(2) Sida har eigne felt for informasjon om menigheta som organisasjon.

Spesielt er der eit eige felt for nett-adressa til våre heimesider. Det var eit sakn at gruppa ikkje hadde noko sånt. Og vi kan også gje opp e-post-adresse og telefonnr til menigheta.

(3) Vi gjer slik det er tenkt frå Facebook si side

Frå Facebook si side er ei Facebook-side meint nettopp som informasjons-kanal for ein organisasjon eller ei bedrift. Ei Facebook-gruppe, derimot, er tenkt som eit diskusjonsforum mellom likeverdige medlemmar. Dette er sjølvsagt grunnen til at sida er laga slik at den er betre eigna for oss enn gruppa, og det gjev grunn til å tru at slik vil det vere også i framtida.

(4) Ei Facebook-side kan vere ein slags «person»

Når ein legg ut innlegg på Facebook-sida, kan sida vere ein slags «person», som framstår som den som har skrive innlegget. Staben brukar kanskje sine private Facebook-kontoar når dei legg ut ting, men samtidig vil dei helst ikkje blande det private for mykje med jobben. Ved at sida sjølv framstår som forfattar, kjem dei private kontoane meir i bakgrunnen.

Dette er i alle fall nokre av fordelane, kanskje er der fleire også. Vi trur at i det lange løp vil vi verte meir nøgde med ei Facebook-side enn ei Facebook-gruppe.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"