Allehelgensdag

1. november er Allehelgensdag, eller Helgemesse, og fell i år på ein søndag. Trass korona-pandemien har Løvstakksiden menighet fleire tilbod på dagen.

Bilete: Frå Allhelgens-feiring i Polen

Av frivillig webredaktør Knut Arnold Kvalsvik

Allehelgens-feiring

Her er tiltaka som ein kan vere med på på søndag 1. november:

  • Kl 11:00 i Solheim kyrkje: Gudsteneste ved sokneprest Hildegunn Isaksen.
  • Kl 13:00 i St Markus kyrkje: Opa kyrkje. Ingen organiserte aktivitetar, men anledning til å komme innom for ein prat, eller berre sitje stille for seg sjølv.
  • Kl 16:45 i St Markus kyrkje: Orgelkonsert, Allehelgensmeditasjon, ved professor Stig Wernø Holter. Klokkespel ved kantor Mariko Takei som innleiing, sjå om dette i kalendaren.

Alle tiltaka må naturlegvis gjennomførast med behørig hensyn-taking til korona-reglane, m.a. registrering av alle som kjem.

Allehelgens-tekstar

I Den norske kyrkja sitt tekst-opplegg er der to sett av tekstar for dagen, alt etter om ein brukar dagen som minnedag eller ikkje. Viss ein ikkje brukar dagen som minnedag, har vi:

Brukar ein dagen som minnedag, er desse tekstane føreslegne:

Alt er fine tekstar å meditere over.

Litt om denne dagen

Akkurat kva denne dagen handlar om, har variert litt gjennom tidene, og forskjellige personar har gjerne forskjellige oppfatningar om det også i dag. Eg siterer litt frå boka Kristne symboler av Ragnar Skottene:

Tidlig i oldkirken ble det tradisjon å feire dødsdagen for kristne som hadde lidd martyrdøden for sin tros skyld. Senere begynte man også å feire dødsdagen for andre helgener, for kristne kvinner og menn som hadde levd et forbilledlig liv i tro og gjerning. I år 609 fastsatte den romersk-katolske paven at 1. november skulle være en årlig minnedag til ære for alle helgener. Det ble «allesjelesdag», den spesielle dagen da man også skulle minnes – og be for – alle dem som etter katolsk tro var kommet til skjærsilden etter sin død, og som gjennom skjærsildens renselse trengte å bli hjulpet frem til den evige salighet.
Reformatorene på 1500-tallet forkastet allesjelesdag fordi de avviste læren om skjærsilden. Men de ville beholde en minnedag til ære for alle dem som hadde forlatt dette livet i troen på jesus Kristus. Det ble allehelgensdag. Samtidig ønsket de å prege dagen ut fra sin evangelisk-lutherske forståelse av kristendommen.
I Danmark-Norge ble allehelgensdag i 1770 flyttet fra 1. november til første søndag i november.
I vår tid har dagen stor betydning for mange mennesker. Det gjelder både dem som regelmessig slutter opp om kirkens trosfellesskap, og folk som har et mer upersonlig forhold til kirkens budskap. Mange tenner lys på graven til en kjær slektning eller kjenning i ettertanke og takknemlighet.

Eg tilrår gjerne denne boka, som kan kjøpast fleire stadar på nettet.

Helgeaftan – eller Halloween

Kvelden før allehelgensdag/helgemesse er helgeaftan, 31. oktober. På engelsk heiter dette «All Hallows Even», forkorta til «Halloween». Mykje av tradisjonane for denne kvelden kjem frå gæliske og keltiske feiringar: den gæliske høgtida Samhain og keltisk nyttår. På denne kvelden var skiljet mellom vår daglege verd og åndene si verd svært tynt. Gamle graver kunne opne seg, og vart portalar til åndeverda. Då kunne mange slags skumle skapningar komme ut og vise seg. Og ein gjorde ting for å skræme desse vekk.

Den amerikansk-prega halloween-feiringa har vore ganske omdiskutert her til lands. Men om det kan vere ting å kritisere, så er det ein god ting for born å få lov å nærme seg det litt skumle utan at det eigentleg er farleg.

I år vert det gjerne ikkje så mykje av dei vanlege knask-eller-knep-besøka pga koronaen. Men skulle det dukke opp nokon på døra, så la oss ta godt imot dei fordi det er born, og heller spare vår kritikk til andre fora.

Reformasjonsdagen

Den 31. oktober er også Reformasjonsdagen. Dette er ein dag vi vanlegvis ikkje markerer no til dags. Den vart feira ein del i Danmark-Norge frå byrjinga av 1600-talet, etter initiativ frå biskopen av Sjælland, Hans Paulsen Resen. Mot slutten av 1800-talet vart mykje av denne feiringa borte igjen.

Fullmåne

I år er vi så heldige at det også er fullmåne på helgeaftan; og dette skulle passe godt ihop med det skumle preget som kvelden har fått. For det er vel noko litt skummelt og spennande ved fullmånen. Spesielt er fullmåne-natta ei natt då varulvar er ute.

Fullmånetidspunktet er kl 15:49 på ettermiddagen. Månen står imidlertid ikkje opp før kl 17:06, i forhold til flat horisont. Så i praksis vert det godt utpå kvelden før vi får sjå han. Men han vil framleis sjå god og rund ut. Han vil ikkje vere så stor, pga at han er omtrent i sin fjernaste avstand frå oss.

Dette er den andre fullmånen i oktober. Det at der er to fullmånar i same kalendar-månad skjer ikkje så ofte, og nokon kallar ein slik andre fullmåne for «blå måne». Det tyder ikkje at månen vil vere blåfarga på nokon måte.

Fullmåne_heks_800.jpg
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"