Bibeltekstane i gudstenesta

I Den norske kyrkja har vi eit fast oppsett for kva slags bibeltekstar vi skal lese og preike over i gudstenestene gjennom året. Her kan du finne ut kva for nokre tekstar det er.

Bibeltekstane i gudstenesta

Det faste oppsettet gjer at ein slepp å finne på kva bibeltekstar ein vil bruke kvar gong, samtidig som ein får dekt eit godt utval av tekstar. Kristne kyrkjer har hatt sånne faste opplegg i hundrevis av år. Vi har ei eiga bok med desse tekstane: Tekstbok for Den norske kirke.

Vi har tre rekkjer med tekstar, slik at etter tre år kjem vi tilbake til dei same tekstane. Rekkjene vert gjerne omtalte som «Rekkje I», «Rekkje II» og «Rekkje III», og vi byrjar på ny rekkje kvar fyrste søndag i advent. Fyrste advent 2022 byrja vi om igjen på Rekkje I.

Julafta og Juledag les vi same tekstar kvart år.

For Langfredag er der fire rekkjer: Vi les Jesu lidingshistorie frå eitt av dei fire evangelia i Det nye testamentet, frå Matteus, Markus, Lukas eller Johannes. Langfredag 2023 las vi frå Matteus.

For kvar søndag er der tre tekstar:

  • Ein tekst frå Det gamle testamentet (Lesetekst 1).
  • Ein tekst frå Det nye testamentet utanom evangelia (Lesetekst 2). Viss denne er frå eitt av breva (som han ofte er), vert han kalla «Episteltekst».
  • Ein tekst frå eitt av dei fire evangelia i Det nye testamentet (Evangelietekst). Denne er som regel preike-tekst, dvs. predikanten tek utgangspunkt i den, skjønt hen er fri til å trekkje på dei to andre tekstane også.

Unntaksvis kan opplegget vere annleis. Ved spesielle høve, som familiegudstenester, kan det også hende at vi fråvik opplegget: Vi les kanskje berre ein tekst, og kanskje ein annan enn den oppsette.

Der er eigne tekstar for nokre merkedagar gjennom året, som nasjonaldagen, olsok m.fl. Når slike merkedagar fell på ein søndag, har vi eit val korvidt vi vil bruke tekstane for merkedagen eller dei vanlege tekstane for den søndagen.

Det norske bibelselskap har eit opplegg der ein kan sjå tekstane for kommande søndag, og ein kan også velje ein annan søndag. Der viser også ein Forteljingstekst som vi vanlegvis ikkje brukar. Dette finn du her:

Bibeltekstar for søndagen

Dei gjev også ut ein bibel-leseplan med ein tekst for kvar dag i året, og der teksten for søndag typisk er evangelieteksten frå opplegget over. Fleire andre organisasjonar som gjev ut bibel-leseplanar, gjev eigentleg ut Bibelselskapet sin plan som dei har gjeve si eiga innpakning.

Den norske kyrkja sentralt utarbeider oversikter over gudsteneste-tekstane for heile året. Under finn du lenkjer til PDF-filer med slik oversikt for ein del år.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"