Salmekveldar

Tre onsdagskveldar i haust inviterer vi til salmekveld. Kantor Asbjørn Snilstveit spelar, vi syng salmar frå salmeboka, og det vert også litt anna program.

Publisert:

Solnedgang over fjorden ein jonsokkveld, ein liten båt ligg ute for anker, mørke fjell i bakgrunnen.

Kvar kveld vil ha sitt tema, og temaa vert dei fylgjande:

  • 23. ⁠september: Håp og nåde
  • 21. ⁠oktober: Årstider, takke for naturen
  • 18. ⁠november: Ro og kvile i Gud

Stad og tid:

  • Stad: Solheim kyrkje, Hordagaten 28
  • Tid: Tre onsdagar kl. ⁠19.

Salmeboka inneheld fleire fine kveldssalmar, som det elles sjeldan er høve til å syngje. Vi vil syngje nokre av desse, og også nokre salmar knytte til temaet for kvelden.

Vi les også litt bibeltekstar, saman med ein liten refleksjon over tekstane.

Dessutan vil vi ha ei stund der ein kan vandre rundt i kyrkjeromet og tenne eit lys i lysgloben, be ei bøn, kanskje trekkje eit bibelvers frå krukka vår med bibelvers i. Eller ein kan berre sitje roleg og høyre på Asbjørn spele.

Velkomen til ein syngjande og ettertenksam kveld.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"