Kveldsandakt

Kvar onsdag kl. 19 i Solheim kyrkje.

I bønn under stjernehimmel, akvarell frå stmparish.org.
I bønn under stjernehimmel, akvarell frå stmparish.org.

Hausten 2026 vil vi ha ei kveldsandakt kvar onsdag i Løvstakksiden menighet. Vi har ein enkel liturgi, som inneheld ein del veksellesing mellom liturg og forsamling. Vi syng litt. Vi ber litt. Og eg, Knut Kvalsvik, vil lese frå Kongebøkene i Det gamle testamentet og knyte nokre kommentarar til. Det tek vanlegvis ein halvtime til tre kvarter.

  • Stad: Solheim kyrkje, Hordagt. ⁠28, i kyrkjeromet.
  • Tid: Onsdagar kl. ⁠19. Kyrkja er opa frå kl. ⁠18.
  • Datoar: Oppstart 2. ⁠september, siste gong før jul 9. ⁠desember.
    Ikkje 23. ⁠september, 21. ⁠oktober og 18. ⁠november, då er det i staden Salmekveld (same tid og stad).

Etterpå er det anledning til å vere igjen litt, kanskje for å prate med andre, kanskje for å tenne eit lys i lysgloben vår og be ei bøn.

Kongebøkene, beståande av 1 ⁠Kongebok og 2 ⁠Kongebok, er eigentleg eitt verk (og burde ikkje vore delt opp). Dei handlar, som namnet seier, om tida då Israel var styrt av kongar – etter kong David. Det er dramatiske forteljingar med store omveltningar som skjer. Vi går ikkje gjennom alt, men vil mest sjå på profetane Elia og Elisja

Velkomen til å vere med på ferda!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"