Våre to kantorar kjem frå to så ulike musikalske bakgrunnar som jazz og cembalo. Men dei to ulike sjangrane - og dei to kantorane - har noko viktig til felles: Dei likar å improvisere, og å spele saman. Ikkje minst likar dei å spele saman med Johann Sebastian Blum på cello!
I fjor vart me begeistra og litt overraska over kor lett det var å spele saman - tre så ulike instrumentar og klangverder. Dette må me forske vidare på! Tysdags påskekvelden prøver me igjen, me utforskar fellesskap og kontrastar, initiativ og lytting. Alt med utgangspunkt i salmemelodiar som høyrer heime i den ettertenksome tida fram mot påske.
Velkomen til ein musikalsk undringsstund i den stille veka. Gratis inngang.
Dette arrangementet er ein del av Påskefest 2025. Se fullt program på www.paskefest.no
