Hjartebanken

Ein plass for innskot og uttak.

Publisert:

Foto: Kirkerådet
Foto: Kirkerådet

Hjartebanken – vi treng kvarandre

Hjartebanken i Arna kyrkjelyd ønskjer å vere ein «bank» der det er mogleg å ta ut «kapital» som du sjølv ikkje har sett inn. Målet er å kople menneske som har bruk for praktisk hjelp, med menneske som kan tilby hjelp.

Det kan vere enkeltoppdrag eller faste avtalar. Gjennom Hjartebanken ønskjer vi å byggje gode relasjonar mellom menneske, og erfare at vi har bruk for kvarandre. Vi ønskjer også å bli flinkare til å be om hjelp og å spreie Guds kjærleik på alle område i livet.

Har du bruk for hjelp?
Vi kan mellom anna hjelpe med:

  • småreparasjonar i heimen
  • turfølgje eller ein å snakke med
  • kake- og lefsebaking
  • leksehjelp for framandspråklege
  • norskundervisning
  • hekklipping, plenklipping og hagearbeid
  • raking av lauv og snømåking
  • datahjelp
  • køyring og transport
  • handling
  • matematikkhjelp
  • bilvask
  • planting på grav
  • vedkløyving
  • husarbeid
  • høgtlesing
  • trilling av rullestolbrukar
  • flyttehjelp
  • strikking og sying
  • eller rett og slett ein god prat

Kan du tilby hjelp?
Vi ønskjer også kontakt med deg som har tid, kunnskap eller praktiske ferdigheiter du kan dele med andre. Det kan vere alt frå småreparasjonar og hagearbeid til turfølgje, leksehjelp, baking eller ein god prat.

Berre fantasien set grenser!

Ta kontakt:
Stig Stordal – 952 54 789

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"