Sakkeus open barnehage har ope kvar mandag kl. 9-15.
Open barnehage passar for alle som er heime med - eller passar barn under skulealder. I Sakkeus er det ein leikekrok tilpassa dei aller minste, og aktivitetar for dei større barna.
Vi held til i hovedetasjen i Arna kyrkjelydshus, i store lokale med god plass til leik og aktivitet. Utanfor er det stor parkeringsplass med gratis parkering for våre brukarar. Der finn du og Sakkeusparken, leikeplassen vår. Den er tilgjengeleg også utanom våre opningstider.
Innanfor opningstida kan du komme og gå som det passar deg og ditt barn. Det trengs ingen påmelding, og det kostar ingenting å benytte seg av tilbodet og aktivitetane hos oss.
Fast program:
11.00: sangstund for små og store
11.30: formiddagsmat, ta med matpakke. Vi byr på saft, te og kaffi.
Før og etter sangstund/måltid er det god tid til leik for barna, og prat for dei vaksne.
Sakkeus open barnehage held stengt i skulen sine feriar. Følg oss på Facebook: Sakkeus open barnehage, der finn du aktivitetsplanar og nærare opplysningar.
Velkommen til Sakkeus!
