Familiekoret i Arna

Hjarteleg velkommen til Familiekoret i Arna! Her møtest små og store til song, leik, mat og eit godt fellesskap. Du treng verken å ha sunge i kor før eller kunne alle songane – her er det plass til heile familien!

Publisert:

Foto: Den norske kyrkja
Foto: Den norske kyrkja

Vi startar samlingane med mat, saft og kaffi frå kl. 16.30. Måltidet er ein viktig del av Familiekoret og gir både barn og vaksne tid til å bli kjende, slå av ein prat og lande litt etter dagen.

Frå kl. 17.00–17.30 samlast vi rundt pianoet til song, musikk og bevegelsesleik. Vi legg vekt på songglede og fellesskap, og ønskjer at Familiekoret skal vere ein trygg og kjekk møteplass for både små og store.

Hausten 2026
Første samling er torsdag 3. september kl. 16.30, og deretter møtest vi kvar 14. dag i kyrkjelydshuset.

Det er berre å kome – både kjende og nye familiar er hjarteleg velkomne!

Vi gler oss til ein ny haust med songglede, fellesskap og gode opplevingar saman.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"