Norsk orgelfestival har fleire konsertar dagleg, samt ein innleiande fagdag for kyrkjemusikarar og andre interesserte, i samarbeid med Stavanger bispedømeråd på opningsdagen.
Her kan du se programmet for resten av festivalen.
Under opningskonserten torsdag kveld vil Hans-Ola Ericsson gjere sin tydelege entre, og han vil også halde avslutningskonserten i Stavanger konserthus.Hans-Ola Ericsson er ein av verdas mest ettertrakta organistar, med ei spesiell interesse for ny musikk. Han har blant anna arbeida tett på komponister som John Cage, György Ligeti og Olivier Messiaen.
- Ericsson gjesta sist Norsk orgelfestival då den heldt til på Karmøy, og me gler oss til å visa han våre nye heimbyar! Hans Eksellense Ambassadør Axel Wernhoff, den svenske ambassadøren til Oslo, vil opne den 28. Norsk orgelfestival under opningskonserten, fortel festivalen på sine heimesider.
Konsertar, meisterklasser, klokkespel, Pilegrim i orgelsko, seminarer og foredrag, messer, ope orgelgalleri og Dei unges konsert med eit regionalt ungdomskor er blant høgdepunkta i eit rikhaldig program. Kunstnerisk leiar for festivalen er kantor i Avaldsnes, Arnfinn Tobiassen.
På heimesidene til Norsk orgelfestival finn du informasjon om festivalen, om kjøp av billettar og programmet for dagane 13.-18. september.