Organisasjonar, faginstitusjonar, kyrkjelydar og andre fagmiljø er invitert til å søke prosjekt i lys av reformens målsettingar og utfordringar.
Det kan søkas om støtte til prosjekt i følgande tre kategoriar:
1. Forsking og fagutvikling. Inntil kr.500 000 i inntil tre år.
2. Formidlingsressursar. Inntil kr.300 000 i inntil to år.
3. Lokale utviklingsprosjekt. Inntil kr.300 000 i inntil to år.
- Dette er ei open utlysning, innafor ramma av trusopplæringsreforma, seier Kristine Aksøy, leiar for seksjon barn, unge og trusopplæring i Kyrkjerådet. Plan for trusopplæringa «Gud gir -vi deler» (lenke under) ligg til grunn for denne utlysninga. Målet med trusopplæringa er å bidra til ei systematisk og samanhengande trusopplæring som fremmer kristen tru, gir kjennskap til den treeinige Gud, bidreg til livstolkning og livsmeistring, utfordrar til engasjement og deltaking i kyrke og samfunnsliv for alle døypte i alderen 0-18 år, uavhengig av funksjonsevne.
-Det blir gitt støtte til eitt, - to-eller treåring prosjekt. – Det er verdfullt at organisasjonar, faginstitusjonar, kyrkjelydar og andre fagmiljø bidreg med si kompeanse til fortsatt fornying av kyrkja si trusopplæring.
Utviklingsmidla skal bidra til at
- barn og unge gjennom dåp og opplæring kan leve og vokse i den kristne trua
- tilsette og frivillige i kyrkjelydane får økt kompetanse til å tilby ei trusopplæring for alle
- trusopplæringsreforma blir vidareutvikla i Den norske kyrkja - lokalt, regionalt og nasjonalt
Søknadsfrist er 3.juli 2018 kl 12.00. Dei prosjekta som blir innvilga blir kunngjort innan 20.september 2018.
Meir informasjon om utlysning og elektronisk søknadsskjema ligg her: