Ølen sokn og Bjoa sokn ligg i Vindafjord kommune. Dette utgjer samarbeidsområdet der soknepresten i Ølen gjer teneste saman med sokneprestane i Skjold og Vikedal. Det er åtte kyrkjer i kommunen.
Arbeidet med gudstenesteliv, trusopplæring, konfirmantarbeid og diakoni er prioriterte arbeidsområder. Sokna i kommunen arbeider aktivt saman på ulike områder
Visjonen til Ølen og Bjoa sokn er: "Levande Kristustru, inkluderande fellesskap."