Mellom kvart Ungdommens kyrkjemøte, møtest eit ungdomsutval. Leiar for utvalet er Elise Skjærven Aas frå Bergen, som er vald for to år. Med seg har ho no fått bl.a. Jannike Buschmann Johannessen frå Fana.
Ungdommens kyrkjemøte peikar på at tilbodet for unge er mindre ute i distrikta enn i sentrale strok. Konsekvensen av dette er at mange blir ståande åleine, utan felleskap, utan støtte og med eit langt dårlegare tilbod om undervisning og læring om kristen tru. Kristent felleskap skal vera tilgjengeleg for alle unge kristne, meiner ungdomane.
Stolt stiftsdirektør
– Bjørgvin bispedømeråd er stolte over å ha unge representantar i det kyrkjelege demokratiet som er framoverlente og opptekne av at alle skal ha eit kristent fellesskap, seier stiftsdirektør Jan Ove Fjelltveit. Han seier at bispedømerådet også er opptekne av å ta satsinga på unge vaksne i bispedømmet ut til mellom anna Sogndal, Førde og Stord.
– Arbeidet frå St Jakob kirke har vore ei vellukka satsing i Bergen, og ein når unge menneske som bur i Bergen for kortare eller lengre tid. Bispedømmet har òg satsa på å støtte opp om konfirmant- og ungdomsarbeid i heile Bjørgvin. Korleis vi tek dette vidare, er ein viktig samtale, og der er Ungdomsrådet i Bjørgvin ein heilt sentral samtalepartnar, seier stiftsdirektøren.
Les meir om ungdommens kyrkjemøtet i saka som du finn lenke til nedanfor.