Det kom inn ni forslag til konkurransen. Etter ei grundig vurdering gjekk juryen vidare med tre finalistar:
- Torunn Halseid Marø
- Vibeke Lindhardt og Malene Zapffe
- Astri Ræstad med Kristine Synnes
Etter ein krevjande prosess landa juryen på at Astri Ræstad og Kristine Synnes skal få oppdraget med å utforme ny bispekåpe med stolaar i dei fire liturgiske fargane. Kåpa skal no produserast og vil venteleg vera ferdig innan sommaren 2026. Det blir planlagt at han vil bli vist fram under Kirkeautunnalen i Bergen domkirke i september 2026.
– Bjørgvin bispedøme ønskjer å takka alle deltakarane for deira bidrag og engasjement. Me har vore svært imponerte over nivået og breidda i forslaga. Det er lagt ned mykje arbeid, kreativitet og kunstnarleg kraft i alle bidraga. Juryen har hatt ei krevjande oppgåve, men fann til slutt ein vinnar i Astri Ræstad og Kristine Synnes sitt forslag, som på ein eineståande måte kombinerer symbolikk, materialval og kunstnarleg uttrykk, seier Andrea Ådland på vegner av juryen.
Juryen skildrar vinnarutkastet som eit rikt og balansert design med nydeleg fargeval og imponerande broderi. Inspirert av både Bergen domkirke og den kristne kulturarven på Vestlandet vart det opplevd som ei verkeleg estetisk oppleving– rikt på symbolikk, med spennande detaljar skjult både under skjoldet og på innsida av kåpa.
Om kunstnarane
Astri Ræstad, tekstilkunstnar, medlem Norske Kunsthåndverkere og Norske billedkunstnere.
Kristine Synnes, kunsthandverkar, medlem Norske Kunsthåndverkere, og sivilarkitekt. Ho er dotter av Astri Ræstad.
Bakgrunn
Det vart i desember 2024 invitert til konkurranse om utforming av ny bispekåpe med stolaer i dei fire liturgiske fargane til biskopen i Bjørgvin, ettersom dei tidlegare bispekåpene er i dårleg stand. Les meir om invitasjonen via lenke nedanfor.