Moen er ein av to sokneprestar, frå kvart sitt bispedøme, som har tatt kontakt med Noregs mållag, heilt uavhengig av kvarandre. Begge ønskjer at det skal bli starta opp eit yrkesmållag for kyrkjeleg tilsette og andre med særleg interesse for språk i kyrkja. No har alt 34 personar meld seg inn, dei fleste frå Møre. – Med 34 medlemer på relativt kort tid, og utan omfattande kampanjar, ser ein klart at det finst ein «marknad» for eit slikt lag. Mange har sakna ein stad der kyrkje, språk og fagleg identitet kan møtast i ein målrørslekontekst, seier Moen.
Sjølve skipingsmøtet for dette nye laget blir i Volda 24. februar. – Ein kan også vera med digitalt, seier Moen som fortel at ein der vil drøfta både satsingsområde, konkrete arbeidsoppgåver, endeleg namn og målgruppe.
– Kvifor vil de starta dette kyrkjemållaget?
– Nynorsken har lange og djupe røter i kyrkja, både som liturgisk språk, forkynningsspråk og kvardagsmål i kyrkjeleg arbeid. Samstundes veit mange at språkleg praksis i kyrkja er under press, og at nynorsken treng både medvit, struktur og fellesskap for å halda stand. Det er på denne bakgrunnen initiativet til det som førebels heiter Kyrkjemållaget har vakse fram, seier Moen, som sjølv har vakse opp med bokmål som hovudmål.
– Eg har no alltid synst at nynorsk er eit vakkert skriftspråk, irriterer meg litt over at ein møter bokmål overalt (der det ikkje er rettsleg regulert), og tek nok eit minoritetsperspektiv. Eg tykkjer at nynorsk har ein stor verdi i språket vårt og det tilfører noko – ikkje minst lange og kraftige røter, men og språkleg. Så ville det òg vere noko rart om me ikkje var opptekne av målformene, når me er opptekne av at alle skal kunna lese bibelen på sitt eige morsmål, seier soknepresten.
Han oppmodar alle som ønskjer det å melda seg inn i det nye mållaget, anten dei kan vera med på tilskipingsmøtet eller ikkje. Innmelding skjer via Noregs Mållag si innmeldingsside: https://www.nm.no/bli-medlem/ (Skriv «Kyrkjemållaget» i meldingsfeltet.)
