Bispedømerådet i Sogn og Fjordane

Bispedømerådet heldt møtet sitt 5. september i Førde i Sunnfjord. Dei var neste dag samla til Bjørgvinsamtalen i Vassenden kyrkje i Jølster saman med medlemer av sokneråd i Sogn og Fjordane.

Publisert:

Bispedømerådet reiste til Førde og Jølster for å møta representantar for dei lokale kyrkjelydane, i bispedømerådsmøtet i Førde og på Bjørgvinsamtalen i Jølster. Her frå møtet i Vassenden kyrkje. Foto: Rune Garmann
Bispedømerådet reiste til Førde og Jølster for å møta representantar for dei lokale kyrkjelydane, i bispedømerådsmøtet i Førde og på Bjørgvinsamtalen i Jølster. Her frå møtet i Vassenden kyrkje. Foto: Rune Garmann

Ei av sakene handla om ei satsing frå kyrkja på unge vaksne i tidsrommet 2026-2030. Saka vart drøfta med representantar frå sokna/prostia i Sunnfjord og Sogndal som begge er studiestader med mange unge.

Bispedømerådet fekk ein rekneskapsrapport per august 2025. Dei hadde også ei intern drøfting rundt kriterier for fordeling av tilskotsmidlar frå 2026. Det er viktig for bispedømerådet å vektlegge ei ordning som ivaretek kompetanse samla i prostia, står det i vedtaket. Rådet bestemte også at ein skal halde av to prosent til utviklingsprosjekt på bispedømenivå.

Bjørgvin bispedømeråd oppnemnde følgjande styremedlemer til Stiftinga Nordfjord Familieven for perioden 2025-2029:

Klaus Iversen, Måløy 01.06.25 - 31.05.29 Styremedlem
Eline Sandnes, selje 01.06.25 - 31.05.29 Styremedlem

Personlege vara-medlemmer, same periode:

For Eline Sandnes,  Oline Johanne Henden, Sandane
For Klaus Iversen,  Gunn Ragnhild Vårdal Helgesen, Selje

Bjørgvinsamtalen

Rune Garmann, som er leiar for arbeidsutvalet for fellesrådsleiarnettverket i Bjørgvin, var til stades på den første Bjørgvinsamtalen. Han har skrive litt om sine inntrykk frå møtet:

Her fekk soknerådsmedlemer frå nordre delen av Bjørgvin møte medlemene av  bispedømerådet og nokre av staben ved bispedømekontoret, samt biskop Ragnhild, og høve til å samtale med desse og med kvarandre i uformelle og
trivelege former.

Klokeleg nok var programmet innretta nettopp med tanke på at deltakarane skulle få rikeleg høve til samtale. Noko folk så absolutt visste å nytte seg av.
Mange gode tankar og idéar vart nok lufta på gruppene og kring borda under måltida. Men kan hende største verdien av dagen var at han kan bidra til at folk i sokne- og fellesråda rundt om, ser at dei er delar av eit større arbeidsfellesskap, og at det er folk «der ute» som ein kan spele på lag med, om behovet skulle melde seg.

Sakliste for bispedømerådsmøtet

32/25 Godkjenning av innkalling og saksliste
33/25 Godkjenning av protokoll frå Bjørgvin bispedømeråd 03.06.2025
34/25 Oppnemning av styremedlemmer Stiftinga Nordfjord Familievern 2025-2029 
35/25 Rekneskapsrapport per august 2025
36/25 Intern drøfting rundt kriterier og fordeling av tilskotsmidlar frå 2026 
37/25 Unge Vaksne-satsinga 2026-2030  - ei innleiande drøfting  
38/25 Tilsetting til orientering i BBDR 05.09.2025  

  

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"