Spørsmåla er mange når Benedicte spør biskopen om kyrkjerommet og det som skjer der. - Når du kjem inn i kyrkja, kva ser du, kva tankar og tradisjonar møter vi? Kva side skulle menn og kvinner sitja på tidlegare? Kva betyr fargane? Kva er ein alba og ein stola? Og kva for ein av desse var eigentleg der for å tørka sveitten? Kan alle gå til nattverd?
Kva er hovudtrekka i ei gudsteneste?
Dette og mykje anna lurer Benedicte på , og biskop Ragnhild svarer.
Sjå lenke til podcasten på Spotify eller høyr episoden direkte her - sjå lenker nedst på sida.