Denne vakre monologen med Ragnhild Gudbrandsen gjorde stor suksess hausten 2018 og i 2019 på kyrkjeturne på Vestlandet og på Det vestnorske teateret. Stykket har også fått flotte teatermeldingar i pressa.
Musikar er Nils Økland, han har også arrangert musikken brukt i framsyninga.
Nils Økland er ein kjent musikar og komponist frå Haugesund (Instrument: Hardingfele, fiolin, Viola d'amore). Han er vinnar av spellemannsprisen open klasse 2017.
Ragnhild og Nils har arbeidd tett saman det siste året, og har hatt fleire framsyningar med Babettes gjestebod, til stor glede for publikum. Nils spelar mellom anna på den italienske fiolinen til Ragnhild sin far; Håkon Gudbrandsen. Nils er ein brubyggjar som knyt sterke og nyskapande band mellom folkemusikk og andre sjangrar.
I Babettes gjestebod for du høyre norske folketonar og franske menuettar med glimt av snø i sovande kvite landskap, stormfulle huldresagn og velsigna måltid med fransk klangbotn.
Litt om sjølve handlinga:
Prostedøtrene Mathilde og Phillipa er leiande i ein pietistisk kyrkjelyd i Berlevåg. Men kyrkjelyden har mista mykje av den krafta den ein gong hadde og er prega av alderdom og inngrodde konfliktar. Ei fransk kvinne, Babette, flyktar frå dei fryktelege krigshandlingane i Paris i 1871 og får arbeid som tenestejente hos søstrene. Ho tener dei trufast i fjorten år. Då vinn ho i eit stort lotteri og inviterer kyrkjelyden i Berlevåg på eit gedigent fransk måltid som overgår all fantasi og som forløyser både innstengde kjensler, gamle motsetnader og djup livsglede.
Karen Blixens novelle Babettes gjestebod er kjend som ei forteljing om menneskeleg toleranse. Denne sanselege historia fortel om ein raus kjærleik til livet og medmenneska og den set vårt syn om utanforskap i eit granskande lys. Stoffet har ein opnande kvalitet som stimulerer til refleksjon og glede.
AV Karen Blixen
DRAMATISERING OG SKODESPELAR Ragnhild Gudbrandsen
REGI Stig Amdam
MUSIKAR OG MUSIKKARRANGEMENT Nils Økland