Fokus på kommunikasjon - Korleis kommuniserer me jul?

Praktisk informasjon

Frå:4.11.2025 - kl.10.00

Til:4.11.2025 - kl.11.00

Stad:Teams

Arrangør:Bjørgvin bispedøme, Borg bispedøme og Kyrkjerådet

Velkommen til eit digitalt møte med fokus på kommunikasjon og jul! Ope for alle!

Eit ypparleg høve til å få oversikt over tilgjengelege ressursar, og ferskt påfyll av inspirasjon og idear rundt kommunikasjonsarbeidet om jul og advent i 2025. I møtet får du også eit eksklusivt innblikk i den felles julekampanjen i år. I dette digitale møtet får du høve til å lytta, læra og bidra med eigne idear. Møtet er tilgjengeleg direkte på Teams, og i opptak* på Ressursbanken.no.

Program

  • Kommunikasjonsarbeidet til kyrkja i jula - refleksjon ved biskopen i Borg, Kari Alvsvåg
  • Felles julekampanje: Innblikk i julekampanjen i år, som har som mål å engasjera menneske til kyrkjegang på julaftan.
  • Godt innhald i digitale og fysiske flater: Døme på godt innhald i sosiale medium, nettsider og presse
  • Ressursar: Oversyn over tilgjengelege ressursar for å bli synleg gjennom trykksaker, tekst, bilete, nettsider med meir.
  • Samtale: Snakk og utveksle idear med kollegaer frå andre stader i landet i digitale grupperom (*Her blir det ikkje gjort opptak)

Møtet er for: Deg som er medarbeidar i kyrkja, og jobbar med kommunikasjon digitalt og fysisk. Møtet handlar mest om digital kommunikasjon, men har også overføringsverdi for deg som jobbar mest med fysiske møteplassar og fellesskapar.

Arrangør: Møtet blir arrangert av Bjørgvin bispedøme, Borg bispedømme og Kyrkjerådet, og er ope for alle medarbeidarar over heile landet.

Link til streaming Klikk her for påmelding
Korleis kommuniserer me jul, fysisk og digitalt? Ill: Julekrybbe i Søreide kirke, laga med motorsag.
Korleis kommuniserer me jul, fysisk og digitalt? Ill: Julekrybbe i Søreide kirke, laga med motorsag.