Byggje tillit – Stiftsdagar 2026

9.–10. mars 2026 blir det stiftsdagar for alle tilsette i kyrkjene i Bjørgvin.  På Scandic Flesland Airport blir det to dagar med inspirasjon, fagleg påfyll og fellesskap.

Publisert:

Kyrkjeleg tilsette frå heile Bjørgvin samlast på Flesland for å møtast og arbeida saman.
Kyrkjeleg tilsette frå heile Bjørgvin samlast på Flesland for å møtast og arbeida saman.

Det blir arbeid i grupper (stab), og med innspel frå spennande innleiarar som spør: – Kva skaper tillit og korleis får me til gode prosessar i samspel med frivillige ressursar i kyrkjelydane?

Påmelding frå leiar

Seinast 1. desember skal kyrkjeverjene og prostane melda frå kor mange som skal vera med, og så vil det bli sendt påmeldingsskjema til kvar deltakar i første del av januar med bl.a. påmelding til seminar.

Det er biskopen som kallar inn til stiftsdagane. Arrangemanget er planlagt i samarbeid med kyrkjeverjelaget. Alle tilsette er inviterte, men invitasjonen går via kyrkjeverje eller prost som melder på sine.

– Vi ønskjer å bygge eit lag der det er tydeleg at vi alle har ulike, men viktige ansvarsområde, seier stiftsdirektør Jan Ove Fjelltveit. Han seier at det er ønskjeleg at flest mogeleg overnattar for å byggja eit godt miljø. – Vi har fått ein god pris som gjer at det for mange kan løna seg å overnatta framfor å reise til og frå, seier stiftsdirektøren.

Tillit

Hovudtema denne gongen er “tillit” og filosof Einar Øverenget vil jobba saman med oss om korleis tillit kan styrke samarbeidet og fellesskapet. 

Dorte Kappelgaard frå MF er kjent som ein god formidlar. Ho snakkar om korleis me kan få ei utvikling i kyrkjelydane i spelerommet mellom tilsette, råd og frivillige. Saman med henne kjem førstelektor Tron Fagermoen som også er stortingsprest og vil snakka om bibelske grunnar for korleis vi saman er kyrkje.

Programmet vil gje rom for stabane til å jobbe saman og utforske nye idéar. Målet er å inspirere til samarbeid, innovasjon og tillitsbygging i den lokale kyrkjelyden.

Det blir salmekonsert med Torbjørn Dyrud og Ingrid Brækken Melve. I tillegg vil det bli ein fin felles middag, mange ulike seminar å velja mellom, samling for faggruppene og gudsteneste.

Stad: Scandic Flesland Airport hotell («Gullhotellet», Lønningsveien 9, Blomsterdalen, Bergen.) Bybanestopp: Bergen lufthavn

Tid: Mandag 9.mars klokka 10.00-19.00 og onsdag 10. mars 09.00-15.00.

Innleiarar

Einar Øverenget

Einar er professor i filosofi ved Høgskolen i Innlandet. Mange kjenner han frå radio og podkast, som samfunnsdebattant og føredragshaldar. Han har nyleg gitt ut boka Tillit – unngåelig, nødvendig, farlig, og med bakgrunn i denne, skal han utfordre oss på korleis, kvifor og når vi byggjer tillit oss imellom.

Tron Fagermoen

Portrett av Tron Fagermoen

Tron er førstelektor i praktisk teologi ved MF. Han forskar primært på diakoni, ekklesiologi (kyrkjelære), etikk og trusopplæringsreformen i Den norske kyrkja. På stiftsdagane snakkar han om kvifor kyrkja skal involvere frivillige, og den tilliten og ansvaret det medfører.

Dorte Kappelgaard

Portrett av Dorte Kappelgaard

Dorte er førsteamanuensis i praktisk teologi ved MF. Ho er opptatt av å styrke samspelet mellom livet i kyrkjelydane og forsking. Nokon kjenner Dorte frå hennar praktiske og konkrete webinar om strategiarbeid i kyrkjelyd, som ligg tilgjengeleg i ressursbanken.no. Dorte er ein inspirerande formidlar som gir oss noko å jobbe vidare med lokalt.

Irmelin Marie Brun

Portett av Irmelin Brun

Irmelin er leiar for «Frivillighetsteamet» i Bergen kirkelige fellesråd. Ho er utdanna innan pedagogikk og organisasjonsteori, og har erfaring frå arbeid i ulike organisasjonar. Ho har også vore fosterforelder i mange år. På Stiftsdagane skal Irmelin knyte saman ulike perspektiv på forsking og praksis innan frivillig teneste. Ho vil også introdusere seminara på stiftsdagane.

Kunstnarar

Ingrid B. Melva

Ingrid er salmediktar, romanforfattar og prest. I 2022 vart ho nominert til Petter Dass-prisen for salmane sine. Ho skriv også andakter i Vårt Land.

Torbjørn Dyrud

Torbjørn er utdanna komponist og kyrkjemusikar ved Norges Musikkhøgskole og Kungliga Musikhögskolan i Stockholm. Han har skrive viser, større korverk og er 
musikalsk ansvarleg for Norges største sommarshow, Urbane Totninger. Han er kantor på Østre Toten.

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"