Korleis markere påska når du ikkje kan vera saman med mange andre?

Her finn du ein kort vegvisar gjennom nokre av dagane i påska. Kanskje du finn rom for nokre minutt i stille og ettertanke denne påska? Tidlegare personalprest Trygve Danielsen står bak meditasjonane.

Publisert:

Maria sørgjer. Utsnitt av Pietro Lorenzetti sin freske frå Assisi.
Maria sørgjer. Utsnitt av Pietro Lorenzetti sin freske frå Assisi.

Ein måte å møta påsketekstane på, er å stoppe opp og prøve å leve seg inn i tekstane. Prøv å sett deg sjølv inn i situasjonen. Kjenn etter korleis det er å vera der, kjenne på stemninga, sjå på alle menneska som er der, prøve å få eit blikk på Jesus og sjå korleis han ser ut. Korleis kjennes det å stå ansikt til ansikt med han? Kva gjer det med deg? 

Når vi er stille og fokuserer på Jesus, er det viktig å vere medviten på at han er like sterkt til stades hjå deg som han var det då han vandra her på jorda.  

Her følgjer nokre forslag til korleis du kan møte påsketekstane: 

Palmesøndag: (Joh 12,12 24). 

Jesus rir inn i Jerusalem på eit esel. Folket kjem med palmegreiner i hendene. 

  • Klarer du å fange blikket til Jesus? Kva ser du? 
  • Er det noko du får lyst til å spørje Jesus om når det gjeld inntoget i Jerusalem? 

Salmevers/dikt:  

«Gjør døren høy, riv stengsel ned, 

i hjertet rom for han ered, 

så kommer ærens konge sterk 

og fremmer i deg alt Guds verk.» 

(Norsk salmebok nr 5) 

Skjærtorsdag (Matt 26,17 30 og Johannes 13, 3-10) 

Skjærtorsdag er kvelden før Jesus blir henretta. Då har han sitt siste måltid, påskemåltidet, saman med disiplene sine. Med "skjær" meiner vi "rein". I følgje Johannesevangeliet var det nemleg på skjærtorsdag at Jesus vaska føtene til læresveinane. (bibel.no) 

Kvar kan vi møte Gud? Denne kvelden møter Jesus sine næraste vener gjennom måltidet og ved å vere ein tenar som vaska føtene deira 

  • Prøv å sfor deg at du er saman med Jesus og læresveinane i det rommet der dei skal dele påskemåltidet. Kva ser du? 
  • Korleis er det å høyre orda frå Jesus når han innstiftar nattverden?  
  • Korleis ville du opplevd det å få føtene dine vaska av Jesus? 
  • Er det noko du ønskjer å snakke med Jesus om? Bruk tid til dette. Husk han er like sterkt til stades no som han var det den gongen. 

Salmevers/dikt: 

Den største høgtid her på jord 

er den eg held ved Herrens bord, 

der Jesus bed meg vera gjest, 

for der eg er hans hjarta nest. 

(Norsk salmebok nr 161) 

 

Langfredag: Mark 14,26 - 15,37. 

Den tunge, lange dagen for Jesus då han blir svikta av alle. 

Tenk deg at du er i Getsemane saman med Jesus og læresveinane. Det er seint på kvelden. De er trøytte etter dagen og eit måltid.  

  • Klarer du å s korleis Jesus har det?  
  • Med eitt blir alle forstyrra av at det kjem mange andre inn i Getsemane 
  • Kva skjer med deg då det går opp for deg at Jesus verkeleg blir tatt til fange? 
  • Korleis er det å stå i gardsplassen saman med Peter og ta avstand fra Jesus? 
  • Tenk deg at du står saman med Maria og Johannes ved korset. Kva kjensler har du, kva kjenner du på? 
  • Snakk med Jesus om det du føler og tenker. Han ønskjer å møte deg akkurat der du er. 

 

Salme/dikt: 

«Du som har deg selv meg givet, 

la i deg meg elske livet, 

så for deg kun hjertet banker, 

så kun du i mine tanker 

er den dype sammenheng.» 

(Norsk salmebok nr 173) 

 

Påskedag: Luk 24, 1 - 12. 

«Dagen då døden døydde» er der nokon som kalla denne festdagen då vi feirar at Jesus stod opp frå dei døde 

  • Tre kvinner er på veg til Jesu grav. Tenk deg at du er i følgje med dei. 
  • Korleis er det å komme inn i grava og s at den er tom? Jesu kropp er ikkje der! 
  • Korleis er det å møte dei to mennene i skinande klede? 
  • Kjenn etter kva som skjer med deg når du høyrer de seie: «Kvifor leitar de etter den levande mellom dei døde?   Han er ikkje her, han er stått opp».  
  • Kva skjer med deg når du tek inn over deg at Jesus verkeleg har stått opp frå dei døde? 
  • Kva ønskjer du å seie til Jesus no? 

Salme/dikt: 

Påskemorgen slukker sorgen, slukker sorgen til evig tid; 

den har oss givet lyset og livet, lyset og livet i dagning blid. 

Påskemorgen slukker sorgen, slukker sorgen til evig tid. 

 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"