Bli med på dugnad i fastetida

Vår felles innsats for dei som lid naud har sjeldan vore så viktig som no. Rike land kuttar i bistanden, medan krisene i verda veks. Difor treng fasteaksjonen di støtte, også til akutt hjelp no, seier biskop Ragnhild.

Publisert:

Biskopen appellerer til alle om god støtte til årets fasteaksjon
Biskopen appellerer til alle om god støtte til årets fasteaksjon

– Me står midt i ei tid prega av krig og uro. I Ukraina driv krigen framleis menneske frå heimane sine, og i Midtausten mistar familiar alt dei eig på ein augneblink. I konfliktar som dette blir tilgang til noko så grunnleggjande som reint vatn ofte øydelagd først.

For millionar av menneske betyr krig ikkje berre frykt – det betyr sjukdom, tørst og mangel på tryggleik. I dag lever nesten 800 millionar menneske utan tilgang til reint vann, og i krigsområde aukar behovet dramatisk frå ein dag til den neste.

Det finst håp

Den norske kyrkja er gjennom Kirkens Nødhjelp til stades midt i krig og katastrofar. Saman med sine lokale partnarar,  rykkjer dei ut med akutt nødhjelp – vatn, hygiene og tryggleik – og det blir jobba langsiktig for at menneske skal kunne leve i fred att.

Innsamling

– Me mobiliserer tusenvis av konfirmantar og andre til dugnad for Kirkens nødhjelp, både i Den norske kyrkja og andre kyrkjesamfunn. I den årlege fasteaksjonen får mange besøk på døra av våre bøsseberarar like før påske. Ta vel imot dei, og spør gjerne din lokale kyrkjelyd om du kan bidra med noko hjelp sjølv, seier biskopen.

Pengane me gir, vert brukte der dei gir mest nytte, i alle dei over 20 landa der Kirkens Nødhjelp er engasjert. Desse midlane er heilt avgjerande for at organisasjonen kan setje i gang store naudhjelpsoperasjonar når katastrofar inntreff og skalere opp arbeidet for dei som treng det aller mest.

Stor aksjon

Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon blir arrangert 22.-24. mars. Denne årlege innsamlingsaksjonen er den nest største bøsseaksjonen i landet etter TV-aksjonen. Kyrkjelydar i vårt bispedøme og i heile landet støttar aksjonen. Over 40.000 frivillige og konfirmantar skal samle inn pengar til Kirkens Nødhjelp sitt livsviktige arbeid.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"