Fred på jorda

Årets juleandakt er ei helsing frå biskop em. Solveig Fiske. Hos skriv mellom anna at «Jesusbarnet er ein liten knopp som er sprengfull av håp, også i dag.»

Engel over prekestolen i Hamar domkirke. Foto: Hamar bispedømme (Liv Torhild Bråthen))

Fred på jorda

Her eg sit og skriv har eg akkurat starta dei siste vekene som biskop.

Eg vil nytte høvet til å takke for alle møtepunkt rundt om i Hamar bispedømme. Eg ser for meg mange ansikt og ber med meg mange varme handtrykk frå ulike situasjonar. Hjarteleg takk og alt godt vidare!

Fred på jorda!

Vi lengtar etter nettopp det som den store hæren frå himmelen song den fyrste julenatta:

«Ære til Gud i det høgste

Og fred på jorda

blant menneske som Gud har glede i.»

Vi er i ei tida prega av uro over den spente krigssituasjonen i Europa og uvisse inn mot kva som vil skje vidare. Eg kjenner at engelens ord; «Ver ikkje redd» og englekoret som syng og ber om fred på jord, set ord på eit ønske, ein draum og eit håp som inspirerer til å tru på og arbeide for rettferd og fred.

Songen på Betlehemsmarkene viser vegen til Gud i krubba. Det evige strøymde inn i same augneblink som barnet vart fødd. Og Jesu fødsel set i gang ei rørsle som aldri har stansa.

Barnet som vart fødd, er eit håp og ein kjærleik. Dette vil alle som har halde eit lite nyfødd menneske i hendene kunne kjenne. Det er nært og stort, vakkert og meiningsmetta. Våre røynsler blir sett i eit svimlande perspektiv i møte med fødselen i Betlehem og songen frå englane. Det lyfter alle nyfødde barn opp mot himmelen og inviterer til å gjera det verkeleg; håpet, draumen og bøna om fred på jord.

Jesusbarnet er ein liten knopp som er sprengfull av håp, også i dag. Med juleevangeliet si grensesprengande kraft opnast livets kjelder og framtidshåp for alle menneske, og Kristi kjærlege ljos held oss fast i framtid og håp, for livet her og for all æve.

Velsigna julehøgtid!

Solveig Fiske

biskop solveig artikkelbilde.jpg
Biskop emerita Solveig Fiske gjekk av som biskop i november 2022. Foto: Kyrkja.no

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"