Toppe framsnakka arbeidet med dåp

Trussamfunnsminister Kjersti Toppe lover kyrkjebevaringsstrategi i løpet av hausten, og framsnakka folkekyrkja si rolle. Ho helste Kyrkjemøtet under opninga i dag. Les helsinga her.

Barne- og familieminister Kjersti Toppe er til stades på Kyrkjemøtet. (Foto: Kyrkjerådet)

Kjære Kyrkjemøte, 

I går var det ein gledens dag i Trondheim. I Herresalen, ved Nidarosdomen,  sto eg, finansminister Vedum og statsråd Kjerkol og presenterte eit historisk milliardløft for vedlikehald av norske kyrkjer.   Regjeringa vil  opprette eit eige kyrkjebevaringsfond. Det vil ha perspektiv langt framover og gje midlar til vedlikehald av våre kyrkjer i  generasjonar. 

Dei neste 20-30 åra skal staten sikre om lag 10 mrd. kroner til istandsetjing av norske kyrkjer gjennom avkastning frå tidlegare Opplysningsvesenets fond og naudsynte tilleggsløyvingar over statsbudsjettet.  

Modellen som er valgt skal sikre at verdiane er evigvarande, og at kyrkjebevaringsfondet har ei årleg ramme på 500 mill.kroner. I åra der utbytte frå Opplysningsvesenets fond er mindre enn 500 mill.kroner, vil resterande beløp bli løyvd over statsbudsjettet.  

Dette gjeld fram til den statlege forpliktinga er nådd. Også etter denne perioden vil midlane som kjem frå Opplysningsvesenet fond, bli sett av til dette føremålet – eit generasjonsfond.  .. Målet er at midlane i rest- OVF skal forvaltas slik at dei ikkje vert svekka og framleis har ein betydeleg verdi når den statlege forpliktinga er oppfylt. 

Slik vil også neste generasjonar sikrast midlar frå kyrkjebevaringsfondet. . Dette kjem i tillegg til den kommunale ansvaret for drift og vedlikehald av kyrkjene.  Ein god dag for kyrkja men også for dei mange lokalsamfunna.  

Administrasjon av kyrkjebevaringsfondet og programmet skal lokaliserast her i Trondheim, og brukast til istandsetjin gav nær 1000 kulturhistoriske viktige kyrkjer i heile landet. Bevaringsprogrammet skal ha tett kontakt med  kyrkjelege organ og fagmiljø på kyrkjebygg. Administrasjonen av fondet og programmet skal også samarbeide med kulturminnefaglege miljø andre stader i landet, slik som på Røros.  

Det siste året har eg vore på mange kyrkjebesøk rundt om i landet. Eg har besøkt Enebakk kyrkje, Odda kyrkje, Røvik, Våler og Vang kyrkje. Edøy gamle kyrkje, Alstadhaug, Kvinnherad, Eidsberg. Nordlyskatedralen og mange fleire.  Eg har òg besøkt diakonale prosjekt, som til dømes «Mat onna bronå» i Haugesund. 

På mine reiser har eg møtt folk som er kjempestolte av kyrkja si. Dei viser entusiastisk fram alt ho har å by på. Av kunst og historie. Og av meining, trøyst og samhald. Reisene mine har gjort meg overtydd om to ting: 

- Kyrkja kan framleis vere mykje for mange. 

- Kyrkjebevaringsprogrammet er viktigare enn eg først hadde klart å førestille meg. 

For å ta det siste først: 

Eg hadde håpt at eg skulle stå her i dag og presentere innhaldet i kyrkjebevaringsprogrammet. Eller for å vere heilt presis: Bevaringsstrategien for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg. I denne vil regjeringa leggje rammene for korleis vi skal organisere og innrette arbeidet med å bruke midlane som kjem i samband med deling av verdiar i Opplysningsvesenets fond, på istandsetting av freda og listeførte kyrkjebygg. Men, vi måtte først få på plass kyrkjebevaringsfondet og rammene for finansiering. Det har vi no klart.  Bevaringsstrategien vil  difor bli klar først i løpet av hausten.

Men noko kan eg jo seie.  

At det aller viktigaste vil vere at dette ikkje «berre» vil vere  kulturhistorisk viktige bygg. Det er våre folkekyrkjer vi snakkar om, Som skal brukast til kyrkjeleg aktivitet , trusopplæring og sosialt arbeid, mm,  gjerne kvar dag. I kyrkjebevaringsstrategien vil vi tenkje breiare enn rein istandsetting. Vi må mellom anna tenkje formidling. Eg trur ikkje folk veit nok eller tenkjer over kva skattar desse bygga faktisk husar. At du kan gå inn i ei mellomalderkyrkje og oppleve kunst som kan daterast tilbake til 1100 og 1200-talet. Som til dømes krusifikset over korbuen i Mære kyrkje. Eller som at utskore helgenfigurar frå mellomalderen kan fortelje oss om helgendyrking i våre tidlegaste katolske kyrkjer.  

Kvar kyrkje har ei lokal historie. 

Når kyrkjene er ferdig set i stand må vi få desse historiene ut. Få barn og unge til å engasjere seg. Lære. Vaksne til å delta. Hegne om kyrkja si. Eg har stor tru på at det å investere i denne kulturarven òg kan bli eit løft for den lokale kyrkjelyden. At fleire skal hugse på og få eit forhold til kyrkja.  

Skal  kyrkja vere der for mange, bør både bygget og tenestene vere universelt utforma. Derfor vil eg ha dette inn i bevaringsstrategien. Ikkje at vi skal gå bort frå Stortinget sine vedtak om at det er istandsetting som skal vere førande. Men at vi også må tenke universell utforming når vi først løyver midlar til istandsetting av desse vakre, gamle bygga våre.

Sekretariatet for bevaringsarbeidet vil  som sagt bli lagt til Trondheim, men den viktigaste delen av arbeidet vil gå føre seg lokalt i kyrkjene og i kommunane. Det er viktig å få til eit godt samspel mellom kyrkja, kommunane og antikvariske styresmakter. Mange meiner mykje om kyrkja i soknet sitt. Ektefølt  engasjement og interesse er ei viktig kraft i alt bevaringsarbeid. 

Så mi oppmoding til de som er folkevalde er: Ver med på å skape blest om kyrkjebevaringsfondet og kyrkjebevaringsstrategien når den kjem. Og når bevaringsprogramma kjem i god drift: Jobb for å skape lokalt engasjement rundt det som skjer. Ver kreative og få med dykk kommunen og frivillige. Og bruk tilgjengelege ressursar. Eg trur dette blir bra! 

*** 

At vi som sit i regjering ser at kyrkja framleis kan være mykje for mange, trur og håpar eg at 2022 har vitna om. I januar fekk Den norske kyrkja 4 millionar kroner til digitale eller fysiske arrangement retta mot sårbare barn, unge og eldre. I juni fekk kyrkja ei løyving på 2,5 millionar kroner til arbeidet med å inkludere flyktningar frå Ukraina. Mot slutten av 2022 fekk kyrkja 4 millionar kroner til fattigdomstiltak retta mot sårbare barn og unge.  

Kyrkja får desse midlane fordi de har eit nettverk og ein diakonal kunnskap. Kyrkja er til stades i alle lokalsamfunn. Med tilsette og frivillige har kyrkja ein struktur som gjer at midlar frå det offentlege raskt kan omsettast til aktivitet for dei som treng det. Dessutan er kyrkja ein viktig sivilsamfunnsaktør, som gjennom konkrete handlingar formidlar tru, håp og kjærleik. Det har kyrkja gjort så lenge ho har eksistert. Så de skal vite at de er ein aktør som vi set pris på at vi kan bruke til å hjelpe folk i dyrtid og i ei tid der det er krevjande å vere ung.  

*** 

Tidene endrar seg. Etter koronaen har vi sett at noko av det vi håpte var midlertidige endringar, ser ut til å ha blitt permanente. Eg tenkjer då særleg på vanane våre. At kulturen slit med å få besøkstala opp igjen. Og at dette også ser ut til å gjere seg gjeldande eller få konsekvensar for kyrkja.  

Sjølv om tala peiker oppover frå botnåret 2020, er vi framleis ikkje der vi var i 2019. Færre går i kyrkja på julekvelden enn dei gjorde før pandemien. Generelt går færre i gudsteneste. Færre er med i eit barnekor eller eit vaksenkor. Færre er frivillige. Færre går på konsertar. Og det blir òg arrangert færre konsertar. 

Det som derimot er gledeleg, er dåpstala. Målt mot del av fødde, aukar desse. Dei er høgare enn dei var før pandemien. Eg har høyrt at ein til dels forklarar dette med ei «opphoping» av dåp gjennom pandemien. Men så langt eg forstår, kan ikkje dette vere heile forklaringa. Dåpstala er ein indikator på kva retning folkekyrkja går i. Kanskje er noko i ferd med å snu? Her blir det spanande å følje utviklinga.  

Eg har elles merkt meg at Kyrkjerådet i årsrapporten skriv at det er betydeleg usikkerheit knytt til årsaker bak endring i tal og statistikk etter pandemien. I tillegg til endringar i vaner, blir det peikt på tradisjonsskifte og stigande gjennomsnittsalder som moglege forklaringsfaktorar. Uansett forklaringsfaktor, står kyrkja ovanfor same utfordring: Kva gjer vi? Korleis møter vi dette? Kyrkjerådet peiker mellom anna på at kyrkja må stille seg spørsmålet om ho skal jobbe for å byggje opp igjen gudstenestevanar frå før pandemien, eller om ho skal bruke ressursane for å møte menneske på andre måtar.  

Eg skal ikkje ha meiningar om dette. Men eg er glad for at kyrkja set spørsmålet på dagsorden og opnar for debatt – eller kanskje helst samtale – om korleis ein framleis kan vere kyrkje for mange. For dette handlar også om folkekyrkjekravet. Staten si grunnlovsfesta forventning om at Den norske kyrkja skal vere folkekyrkje. Til no har ikkje vi konkretisert dette kravet til å vere folkekyrkje, ut over eit krav til å vere landsdekkande. At kvart sokn er betjent av prest. Så har ikkje vi lagt oss opp i korleis soknet skal vere betjent av prest. Kyrkja har friheit til å organisere seg som ho vil. Og leggje strategiar som ho vil. Men ho må gjere det på ein måte som bidreg til å oppfylle kravet om å vere folkekyrkje.  

Kyrkja er også ein del av politiet sitt arbeid med redningstenesta, og har gjennom det eit viktig samfunnsoppdrag i heile landet. Oppgåvene er fyrst og fremst knytt til å ta del i arbeidet med å gi omsorg og krisestøtte til dei som er ramma. Ved ulukker ser vi ofte korleis kyrkja opnar eit rom for fellesskap og trøyst, og slik handsamar viktige oppgåver i krisehandteringa som ligg utanfor det meir operative redningsarbeidet. Dette er viktig og betyr mykje for dei som er ramma. Totalberedskapskommisjonen drøftar behovet for å styrkje den psykososiale beredskapen og foreslår at det må vurderast korleis frivillige organisasjonar, trus- og livssynsorganisasjonar med meir kan inkluderast i arbeidet beredskapsplanverk og i øvingar. Eg meiner dette er viktig. Mitt syn er at relevant kompetanse og ressursar er ein grunnleggjande føresetnad for å bidra i beredskapsarbeidet. Det har Den norske kyrkja, men relevans er ein flyktig tilstand og det kan vere nyttig jamleg å tenkje gjennom korleis ein kan bidra. 

*** 

Eg ser de har mange saker som skal handsamast desse dagane. 

Ein av desse sakene, handlar om kyrkja si teneste i samfunnsinstitusjonar. Altså i helsesektoren, kriminalomsorga, Forsvaret og universitets- og høgskulesektoren.  

Saka de skal handsame her, legg ein strategi for kyrkja sitt arbeid i desse samfunnsinstitusjonane. Eg har merkt meg at de i sakspapira skriv at de som oppfølging av Kyrkjemøtet sitt vedtak i saka, vil ta initiativ til dialog med sentrale politiske styresmakter og med leiinga i dei ulike samfunnssektorane. Dette for å kunne tematisere korleis eit relevant og tilpassa trus- og livssynstilbod kan utviklast i dei ulike institusjonane. Vidare vil de vere med å løfte samtalen om den positive verdien av tru og livssyn i det norske samfunnet. Arbeide for den enkelte sin rett til en trus- og livssynsbetjening og eit mangfaldig tilbod i institusjonane.  

Dette helsar eg velkommen, då det er tema som og regjeringa er oppteken av. 

Eg har bakgrunn som helsepolitikar. Eg har sett kor viktig kyrkja og dei andre trussamfunna er i  helseinstitusjonane.  For at alle menneske skal kunne få eksistensiell omsorg, sakramentsforvaltning, forkynning, og få ivaretatt grunnleggjande trus- og livssynsmessige behov. Etter det eg er kjend med, gjeld det same for dei andre samfunnsinstitusjonane.  

I samband med arbeidet med stortingsmeldinga om trus- og livssynspolitikken i 2017, gjennomførte Helse- og omsorgsdepartementet og dåverande Kulturdepartementet ei kartlegging av trus- og livsynssbeteninga i sjukehusa. Denne viste mellom anna at alle sjukehusa i Noreg har tilbod om alternativ kost som varetek religiøse behov. Den viste òg at prestetenestene ved alle helseføretaka har lagt til rette for at trus- og livssynssamfunn som ikkje er representert i tenesta, kan kontaktast ved behov – som regel gjennom formalisert kontakt med representantar frå andre trussamfunn.  

I ettertid har det likevel vore saker der trus- og livssynsbeteninga i både helseføretaka og i andre samfunnsinstitusjonar har vore omtalt som ikkje tilfredsstillande. Sist var det i vår ein diskusjon om tilrettelegginga i fengsla var god nok for innsette som hadde behov for kosher-mat. Kva vil det sei å leggje til rette? 

Eg meiner det er behov for å sjå nærare på desse sakene og vil i første omgang sjå på moglegheitene for å gjenta kartlegginga frå 2017 så vi har eit oppdatert kunnskapsgrunnlag og kan sjå om det har vore ei utvikling. Så er eg som sagt glad for at kyrkja sjølv set saka på dagsorden  

***  

På dagsorden ser eg òg at det står «Forskrift om regler for valg av Kirkerådet med tilhørende endring i kirkeordningen». Det er ikkje ei sak eg har tenkt å seie mykje om. Men vi har sendt på høyring endringar i trussamfunnslova som kan få betydning for denne saka. Mellom anna sender vi på høyring forslag om at Kyrkjerådet får ei plikt til å arbeide for 40 prosent kvinner og 40 prosent menn i samansetninga av rådet. Korleis de handsamar denne saka, legg eg meg ikkje opp i. Men de gjer etter mitt skjønn klokt i å ha dette i mente når de fattar vedtak i saka.  

*** 

Det er mange saker eg kunne tatt opp her i dag. De har eit tett program føre dykk. Men eg kan ikkje avslutte denne talen utan å nemne Nasjonaljubileet 2030. og alle dei flotte arrangementa knytt til det I år er tema ressursar og rikdom, med fine arrangement knytt til Tore Hunds Rike, Valdres i 1000  år, Lærdal i 1000 år. Neste år er tema ressursar og rikdom, med Moster 2024, Gulating og Frostating.  

Den nasjonale komiteen leia av stortingspresidenten, har no starta sitt arbeid. Dette blir bra!  

Ei utfordring til slutt:  

1000 år etter innføring av kristenretten i Norge vil vere eit godt høve til også lokale markeringar og arrangement både om dette og kristninga av Norge. Her kan de og dei andre kristne trussamfunna bidra. Eg håpar det. Eg håpar også at mange av oss møtast på Moster i juni neste år.   

Takk for meg.  

Godt kyrkjemøte!  

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"