Sommarfest i Lomen Mekkeklubb

Sommarfest i nydeleg vær, med glade folk, grilling, åresal og fantastiske gevinstar!

Publisert:

Sommarfest i Lomen Mekkeklubb

Måndag 30.juni baud Lomen Mekkeklubb inn til sommarfest for alle som ville kome. Det var dekt langbord ute med kvite papirdukar og markblomar. Grillen var varm og alle fekk så mange pølser dei klarte å ete, før det vanka heimebaka kaker og kaffe til dessert. Det som toppa heile kvelden var åresal og eit fantastisk gevinstbord! Nokon hadde jobba godt for å få gevinstar, og det er tydeleg at det er mange som ønsker å støtte opp om mekkeklubben, for her var det gitt raust med gåver! Det var gevinstar til heile 3 runder med åresal, noko som gjer ein bra pengesum tilbake til klubben.

Mekkeklubben har no vore etablert i over 2 år og favner mange ulike aldre. Det er stor aktivitet og mange frivillige som deltek. Det var fint å sjå kor mange som møtte opp, og at folk har det triveleg der er lett å merke.

Før mat og åresal konstituerte styret seg. Det er ein god gjeng! Til hausten vil dei fordele ansvarsoppgåver seg imellom, og frå august får dei også med seg den nytilsette menigheitspedagogen i kyrkja i styret.

Sjølv om styret har ulike ansvarsoppgåver, vil dei involvere dei andre medlemma og delegere oppgåver vidare. "Vi må dra lasset saman!", seier leiar av styret, Elin Berget Håkerud. Og om klubben held fram med som dei gjer i dag trur vi dei skal få det til fint!

Takk for at de stelte til så fint og inviterte til fest!!

Foto: Toril Olvik, Marianne Tuvmarken og Veslemøy Kvamme

Kontaktinformasjon for Vestre Slidre kyrkjeleg fellesråd

Kontoradresse: Slidrevegen 20,
2966 Slidre.

Besøksadresse: Kyrkjekontoret, Slidrevegen 20, 2966 Slidre.

Åpningstider: Kyrkjekontoret er ope: måndag til torsdag kl. 09.00 – kl. 15.00
Kyrkjekontoret kan vere stengt i denne tida pga. møte, ferie og anna.

Telefon kyrkjekontoret:  48237798/48122137
Epost: post.vestreslidre@kyrkja.no

Telefon sentralbord kommunehuset:
61 34 50 00

VIPPS til Røn sokn: 105863
VIPPS til Slidre sokn: 109786
VIPPS til Lomen sokn: 137884

VIPPS til Kyrkjeleg fellesråd: 620343

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"