Påskebesøk av Slidre barnehage i Prestegarden

Påskebesøk av Slidre barnehage i Prestegarden

Fredag før påske var vi så heldige å få besøk i Prestegarden av fleire born og tilsette frå Slidre barnehage.

Borna blei møtt av Berit Kristin og Kykeliky ute i lavvoen. Der var det påskepynta med påsketre (juletreet spraymalt i gult), påskeliljer og anna pynt.

Fleire greiner sto klare til oppheng av sjølvlaga påskepynt som borna hadde med seg.

Etter pynting fekk borna gå eggeløp i hagen-og jammen smakte egga godt etterpå! 

Berit Kristin hadde lagt ut påskeduken på Prestegardsjordet. Alle fekk vandre på duken medan ho fortalde påskeforteljinga - frå palmesøndag då Jesus rei inn I Jerusalem til han sto opp frå de døde 1.påskedag. 

Etter vandring på påskeduken, vandra borna vidare inn i stabburet. Der fekk dei sjå juletreet og det nyfødde Jesusbornet – starten på Jesu liv.

No var det klart for det mest spanande! Borna måtte følgje ein gul tråd som snodde seg hit og dit. I enden av tråden, midt under stabburet, fann dei eit stort påskeegg fullt av deilig sjokolade!

Med kvar sin sjokolade i handa traska dei inn att i lavvoen og fann kvar sin plass. Nistematen måtte vente, men etter so mykje aktivitet var det jammen plass til både Kvikk-lunsj og nistemat! Berit Kristin og Kykeliky takka for eit fint besøk av den fine gjengen, før borna stilte opp på rekke for å vandre tilbake til bornehagen.

Tusen takk for eit storveis besøk – og velkomen att til neste år!!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Vestre Slidre kyrkjeleg fellesråd

Kontoradresse: Slidrevegen 20,
2966 Slidre.

Besøksadresse: Kyrkjekontoret, Slidrevegen 20, 2966 Slidre.

Åpningstider: Kyrkjekontoret er ope: måndag til torsdag kl. 09.00 – kl. 15.00
Kyrkjekontoret kan vere stengt i denne tida pga. møte, ferie og anna.

Telefon kyrkjekontoret:  48237798/48122137
Epost: vk766@kyrkja.no

Telefon sentralbord kommunehuset:
61 34 50 00

VIPPS til Røn sokn: 105863
VIPPS til Slidre sokn: 109786
VIPPS til Lomen sokn: 137884

VIPPS til Kyrkjeleg fellesråd: 620343

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"