Lidingane for menneska som lever på Gazastripa blir meir grufulle for kvar dag som går. Det er biskopane i Den norske kyrkja som har bestemt at det på torsdag skal ringast med klokkene i alle landets domkyrkjer, og dei oppmodar om å ringe også frå alle andre kyrkjer i landet. Dette skjer svært sjeldan, sidan ringing med kyrkjeklokker er strengt regulert. Biskopane seier at vi må rope - med vårt kyrkjelege språk - varsle i solidaritet, med bønn om fred.
Vi er mange som kjenner på avmakt over det vi høyrer og ser frå denne krigen no. Ver velkomne til open kyrkje i Slidredomen og Røn kyrkje på torsdag.
Du kan lesa meir HER.