Kyrkjeleg gravferd

Kyrkja har lang erfaring med å skipe til ei verdig og god ramme rundt gravferda.

Kyrkjeleg gravferd

Døden kan vere vanskeleg å gripe. Å miste er tungt å ta inn over seg. Gravferda gjer døden og avskilet meir konkret. Å samlast om kista til takk og avskil er ein stoppestad på vegen gjennom sorga. Mange kjenner seg hjulpne av dei kjende rammene gravferdsgudstenesta gjev. Gravferda er dei næraste sitt avskil med den døde.

Ei kyrkjeleg gravferd er samstundes ei offentleg handling. Det er ein fellesskap som markerer at eit liv er slutt. Ved avskilet syner vi respekt for den døde, for livet som har vore og for livet som skal levast. I gravferda får vi takke og minnast. Her er rom for gråt og klage. Vi kan òg få løfte fram for Gud det som ikkje vart slik det skulle mellom oss. Gravferdsgudstenesta er ei bøn om forsoning, framtid og håp. Når presten får vite om at familien ønskjer kyrkjeleg gravferd, tek han kontakt for avtale om ein samtale. Det er prest og organist som har det formelle ansvaret for seremonien. Planlegging av gravferdsseremonien er ofte eit samarbeid mellom pårørande, gravferdsbyrå, prest og organist.


Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"