Kyrkjeval 2027

Hovedbilde for tema

Kyrkjeval: Difor bør du stilla til soknerådsval  

Kven skal forma arbeidet til kyrkja der du bur dei neste fire åra? Kyrkjevalet 2027 nærmar seg, og kyrkjelydane treng menneske som vil vera med og ta ansvar. Kanskje er du ein av dei? 

Soknerådet har ei viktig rolle i kyrkja. Det dei bestemmer, påverkar det som skjer i kyrkjelyden, frå gudstenester, kyrkjeleg undervisning og læring, til kulturarbeid, omsorgsarbeid, frivillig innsats og tilbod til barn og unge. I kyrkjevalet vel ein over heile landet dei som skal sitja i sokneråd i kvart sokn. Alle medlemer i Den norske kyrkja har stemmerett frå det året dei fyller 15. Det er kyrkjeval kvart fjerde år. Som medlem i soknerådet får du høve til å vera med og påverka kva plass og rolle kyrkja skal ha i lokalsamfunnet ditt. I Vanylven har vi siste to periodene hatt felles sokneråd med repr frå alle fire sokn.

 

Eit verv med meining 

For mange rådsmedlemer handlar vervet om å få vera med og gjera ein forskjell.  

– Det er meiningsfullt å få innsikt i alt som rører seg av i soknet. Eg opplever at eg kan vera med og påverka korleis kyrkja utfører oppdraget sitt, fortel ein rådsmedlem.  

Ein annan peikar på fellesskapen: – Mange positive menneske ønskjer å dra i same retning. Det gir meg livskvalitet å få vera med. 

Å sitja i soknerådet gir høve til å bruka eigne erfaringar, interesser og perspektiv i arbeidet for fellesskapen. Kyrkja treng menneske med ulik bakgrunn og alder og ulik kompetanse. Om du går ofte eller sjeldan i kyrkja, om du er heilt trygg i den kristne trua di eller stadig undrar deg over korleis verda heng saman, er du velkommen. Det er nettopp mangfaldet av stemmer som gjer rådet sterkare og betre i stand til å vareta heile kyrkjelyden. 

 

Har meir å seie enn mange trur 

Soknerådet er med på å bestemma retninga for arbeidet til kyrkjelyden. Rådet arbeider med spørsmål som gjeld både dagens verksemd og kva som skal skje i åra framover. Det handlar om korleis ressursane skal brukast, kva tilbod som skal utviklast, korleis frivillige kan involverast, og korleis kyrkja kan vera relevant for menneske i alle livsfasar. 

Gjennom soknerådet kan ein derfor vera med på å skapa konkrete resultat i lokalsamfunnet. Små og store avgjerder som blir tekne rundt møtebordet, får noko å seia for menneske som brukar kyrkja i kvardagen og ved dei store hendingane i livet. Den norske kyrkja er avhengig av medlemmer som vil vera med å forma framtidas kyrkje. Kanskje er det din tur i 2027? 

 

Meiningsfullt 

Soknerådet gir høve til å samarbeida med andre, utvikla nye idear og vera med på å styrkja kyrkja som fellesskap. Samtidig viser erfaringane at mange opplever vervet som meiningsfylt og givande. Ein stor del av dei som sit i sokneråd, svarer at vervet er like tilfredsstillande eller meir tilfredsstillande enn dei hadde venta. 

 

 

 

 

 

 

 

Rom for nye 

Kyrkja treng ikkje berre dei som allereie er mest engasjerte. Den treng også nye perspektiv, nye erfaringar og nye stemmer. Om fleire seier ja til å stilla, blir også kyrkja betre rusta til å møta framtida. 

Kanskje er det no du tek steget frå engasjement til medansvar! Vil du vera med, eller ønskjer å vita meir? Ta kontakt med kyrkjekontoret der du bur. Helst på mail til sekretær Yngve Lillebø YL953@kyrkja.no eller kyrkjeverje Rønnaug Bjørlykke rb238@kyrkja.no

Les meir på kirken.no/valg 

 

Om kyrkjevalet 

             Kyrkjevalet blir arrangert kvart fjerde år, neste val er hausten 2027 

             Kyrkjevalet 2027 er digitalt, med høve til å stemma i fem veker frå 10. august til 13. september 

             Alle medlemer i Den norske kyrkja som er fødde i 2012 eller tidlegare har stemmerett 

             I kyrkjevalet stemmer ein på medlemer til soknerådet der ein bur, og til Kyrkjemøtet og            bispedømeråd.  

             I soknerådsval er det vanleg at det berre er éi liste med namn på kandidatar 

             I val til Kyrkjemøtet og bispedømmeråd er det fleire lister med ulik kyrkjepolitisk profil 

 

Om soknerådet

I Vanylven kommune har vi 4 sokn pr i dag. Vanylven, Åram, Syvde og Rovde.

Vanylven sokneråd består av 8 faste medlemer, to frå kvart sokn. Vi møtest om lag 6 gonger i året. Vi har og pr i dag 3 vara i kvart sokn. Desse 5 utgjer sokneutvalet, som speler inn saker til det felles Vanylven sokneråd.  Sokneprest sit fast i soknerådet, medan leiar vert vald blant dei faste medlemene som blir vald inn i kyrkjevalet. Soknerådet arbeider med innhaldet i kyrkja sitt arbeid, medan VKF (kyrkjeleg fellesråd) arbeider med drift, bygg, tilsette og økonomi. Faste medlemer i soknerådet utgjer og VKF men då med kommunal repr i tillegg.  Vkf har og arbeidsgivaransvar for dei 5 tilsette personane i kyrkjeleg fellesråd.

Ti gode grunnar for å stilla til val 

             Du bryr deg om lokalmiljøet ditt. 

             Du vil vera med og bestemma. 

             Kyrkja treng ulike stemmer og erfaringar. 

             Fellesskap skaper ikkje seg sjølv. 

             Barn og unge fortener gode møteplassar. 

             Tru, kultur og omsorg betyr framleis noko. 

             Du kan gjera ein forskjell. 

             Du lærer noko nytt om deg sjølv og andre. 

             Det er givande å skapa noko saman. 

             Framtidas kyrkje treng menneske som deg. 

 

Yngve Lillebø                                                                                   

Vanylven kyrkjekontor

Sekretær/kyrkjelydsarbeidar/kyrkjetenar

Tlf 90167346

YL953@kyrkja.no

Kyrkjeval