Festeavgift og gravstell

Alle er velkomne til å besøkje kyrkjegardane i Vanylven. Opphald og ferdsel må skje på ein måte og med ei verdigheit som kyrkjegarden sin eigenart tilseier. Besøkande skal så vidt mogeleg ferdast gåande og hundar skal vere i band

TIL DEG SOM SKAL BETALE AVGIFTER TIL KYRKJEGARDEN.

 Ei urnegrav og ei enkel kistegrav er fri for betaling i fredingstida (20 år). Men det kostar

å feste ei grav ved sidan av den som vert teken i bruk.

Festeavgifta forfell til betaling for 5 år av gongen. Dvs. at det skal betalast kr. 400,- pr. grav for ei 5 års periode.

Desse avgiftssatsane er vedtekne av Vanylven kommunestyre med verknad pr. 01.01.2016. Etter framlegg frå fellesrådet og vedtak i kommunestyret, kan dei når som helst verte justerte.

                                                                                                                                                                                                         
TIL DEG SOM SKAL STELLE GRAVA.

Framfor gravminnet er det høve til å opparbeide eit plantefelt i høgd med bakken rundt. Plantefeltet kan ein ramme inne med ein natursteinskant beståande av tre enkeltsteinar eller liggande plate for plantefelt, desse skal monterast mest mogeleg i flukt med terrenget rundt. Det er ikkje høve til å montere gravminnet på heil blokk som kombinerer sokkel og plantefelt.

Plantefeltet kan stikke opp til 60 cm. fram frå bakkant av gravminnet, og ikkje vere breiare enn gravminnet.

Plantane kan ikkje strekkje seg ut over plantefeltet eller vere høgare enn gravminnet.Ein kan med andre ord ikkje plante på baksida av gravminnet eller på utsida av plantefeltet. Dette er for at slik planting vanskeleggjer vedlikehaldet av kyrkjegarden.

Det er høve til å pynte med krans, lykt, blomsterbukett mm, men slike lause pyntegjenstandar skal takast vekk etter bruk. Jord og planterestar skal kastast i merka avfallsdunkane, anna avfall som ikkje er komposterbart skal ein leggja i restavfallsdunkane. Gravlys som vert sett ut på gravene skal vere plassert i gravlykter, dette for å unngå at fuglar dreg med seg plasthylser rundt omkring og fugleskit på graver då fuglar et stearin.

Plantefelt som ikkje vert planta i skal såast til slik at det er grasbakke på alle sider av gravminnet.

 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"