Babysong er første skritt på trusvegen for barnet og familien og del av trusopplæringa vår som ynskjer å nå alle barn mellom 0 og 18 år. Kyrkjelydane i Vanylven byd inn til babysong i alt 11 gongar i løpet av det første leveåret til barnet. Her samlast barn og foreldre frå heile kommunen til songstund og deretter lunsj. Frå september til mai er det babysong ca. kvar tredje torsdag kl.11-13 i Åram kyrkje. I songstunda syng vi både salmar og heilt vanlege songar som passar for barn. Er du på besøk i Vanylven med baby, er du også hjarteleg velkomen på babysong. Det er også lov å ta med sysken. Du får invitasjon til babysong i posten og påminning gjennom "Babysong" på Facebook. Hjarteleg velkommen !
Dato for babysong vert også lagt ut på kalendaren "Kva skjer".