VEDTEKTER FOR GRAVPLASSANE I VAKSDAL KOMMUNE

VEDTEKTER FOR GRAVPLASSANE I VAKSDAL KOMMUNE (FORSKRIFT)

 Jf. lov av 7.juni 1996 nr. 32 om gravplassar, kremasjon og gravferd (gravplasslova) § 21 (1) , § 8 (1) og § 14 (1) og forskrift til lov om gravplassar, kremasjon og gravferd av 10. januar 1997 nr. 16 (gravplassforskrifta) § 15a (4), jf. gravplasslova § 14 (1) og § 21 (1).

Vedtatt av Vaksdal kyrkjelege fellesråd 14.12.2023 Godkjent av statsforvaltaren i Vestfold og telemark 22.12.2023

I kraft frå 01.01.2024.

 

§ 1 FORVALTNING

Gravplassane i Vaksdal kommune er underlagt Vaksdal kyrkjelege fellesråd administrasjonsog myndigheitsområde

 

§ 2. DEFINISJONER

Gravplassforvaltning: Vaksdal kyrkjeleg fellesråd under utøving av forvaltningsansvaret sitt for gravplassane i Vaksdal kommune, jf. gravferdslova med forskrifter. Fri grav: Grav som gravplassforvaltninga har tildelt ein avdød person frå kommunen, og som det ikkje blir betalt festeavgift for i fredingstida.

Festa grav: Grav som blir festa mot betaling av avgift. Festa gravstad: Fleire kistegraver som er festa saman. Urnegrav: Grav til askeurne med plass til fire urner, jf. gravferdsforskrifta § 14. Dette gjeld ikkje § 11 Namna minnelund, kor det med urnegrav blir sikta til grav med plass til éi urne. Kistegrav: Grav som stettar forskrifta sine krav til storleik for gravlegging av kister. I ei kistegrav kan det også gravleggjast urner. Fredingstid: Tidsrom frå siste gravlegging til grava kan takast i bruk igjen til ny gravlegging. Festetid: Tida det er avtala å feste ei grav for. Ansvarleg for grav: Den som er ansvarleg for ei fri grav. Festar: Den som står som part i ein festeavtale. Anonym minnelund: Gravfelt for anonyme graver. Feltet kan ha eit felles minnesmerke utan opplysningar om kven som er gravlagt. Namna minnelund: Gravfelt med felles minnesmerke med namn og data på dei som er gravlagde der.

 

§ 3. FERDSEL PÅ GRAVPLASSANE

Besøkande skal om mogeleg ferdast gåande, jf. gravferdsforskrifta § 9 (2).

 

§ 4. GRAVPLASSTILHØYRSLE

Avdøde personar i kommunen kan gravleggjast der ein ønskjer av gravplassane i kommunen. Dei har rett til fri grav så framt grava blir tilvist.

Avdøde personar som på grunn av sjukdom eller alderdom har budd i ein annan kommune mot slutten av livet, blir medrekna på same måte som kommunens eigne innbyggjarar, og har rett til fri grav så framt grava blir tilvist.

Avdøde personar frå andre kommunar kan bli gravlagt i kommunen mot at kostnadane ved gravferda og avgift som ved feste av grav blir betalt.

§ 5. FREDNINGSTID

Fredingstid for kistegraver er 20 år.

Fredingstid for urnegraver er 20 år.

Fredningstida på Bergsdalen gravplass er 30 år

Fredningstida på Nesheim gravplass er 30 år

Fredingstida på Dale gravplass felt B2, er 30 år

Gravplassforvaltninga kan vedta lengre fredningstid for enkelte graver.

 

Stenging/omregulering av heile eller deler av gravplassen etter gravferdsforskrifta § 5.

Dale gravplass felt K og E er stengt for kistegravlegging. Gravene på desse felta kan nyttast som urnegraver

Stamnes gravplass felt A er stengt for kistegravlegging. Gravene på dette felta kan nyttast som urnegraver.

 

§ 6. FESTE AV GRAV

Når kistegrav skal takast i bruk er det høve til å feste ei grav ved sida av, og etter søknad til gravplassforvaltninga; for ei ekstra grav i tillegg når behovet tilseier det. Desse gravene utgjer då éin gravstad.

Ved bruk av særskilt urnegrav kan det ikkje bli festa ei grav ved sida av.

Ved feste av grav ved sida av den kistegrava som blir tatt i bruk, er festetida 20 år.

Når festetida er ute, kan gravstaden bli festa for nye 5 år. Når det er gått 60 år etter siste gravlegging, kan festet ikkje bli fornya utan etter særleg samtykkje frå gravplassforvaltninga.

I god tid før festetida er ute skal festaren bli varsla. Er ikkje festet blitt fornya innan seks månader etter forfall, fell grava eller gravstaden tilbake til gravplassen.

Innbetalt festeavgift blir berre betalt tilbake dersom tilbakebetaling følgjer av bindande rettsregler eller det ligg føre særlege grunnar.

Ingen kan bli gravlagt i festa gravstad utan festaren sitt samtykkje. Dersom det ikkje er råd å hente inn samtykkje frå den ansvarlege eller festaren til bruk av festa grav, kan gravplassforvaltninga ta avgjersle om gravlegging.

Festar pliktar å melde adresseendring.

 

§ 7. GRAV OG GRAVMINNE

Ved opning av grav kan jord bli lagt på omkringliggande graver og gravutstyr kan mellombels bli flytta. Gravplassforvaltninga sørgjer for istandsetting igjen, og vil også sjå til at grava blir planert og tilsådd med gras etter gravlegging. Montering av gravminne kan først skje etter at gravplassforvaltninga har godkjent gravminnet og merka staden der det skal stå. Det kan ikkje bli sett opp tidlegare enn 8 månader etter gravlegging av kiste. Gravminne på urnegrav kan bli sett opp med ein gong etter urnenedsetting. Så lenge ein ventar på gravminne kan det settast opp eit merke med avdøde sitt namn på.

På nyfesta gravstad skal gravminnet plasserast i bakkant av den grava som er tatt i bruk, og blir sentrert på gravstaden etter neste gravlegging.

 

§ 8. PLANTEFELT

Framfor gravminnet er det høve til å opparbeide eit plantefelt i høgde med bakken omkring. Det må ikkje vere breiare enn gravminnet si breidde, men kan i alle tilfelle vere opp til 60 cm breitt. Det kan ikkje stikke lengre fram enn 60 cm, målt frå gravminnet sin bakkant. Det kan ikkje plantast vekstar som overstig gravminnet si høgd eller går utover plantefeltet. Det er ikkje høve til å bruke faste dekorgjenstandar som blomsterurner, lykter mv. i plantefeltet. Det er høve til å tenne stearinlys og oljelampe på grava, så lenge dette er innanfor gjeldande reglar om brannvern. Stearinlys, oljelamper og andre lause dekorgjenstandar skal fjernast etter bruk.

Det er høve til å ramme inn plantefelt med delt steinkant eller bedplate som fluktar med terrenget omkring. Bedplate og fundament for gravminne skal ikkje henge saman.

Dersom det ikkje er aktuelt å ha plantefelt, skal det vere grasbakke på alle sider av gravminnet.

Det er ikkje høve til å ramme inn grava med hekk eller andre materiale enn steinkant eller bedplate.

 

§ 9. PLANTEMATERIALE

Planter, kransar og liknande materiale som blir nytta ved gravferd eller ved pynting av grav og som endar som avfall, skal så langt som mogleg vera komposterbare.

 

§ 10. STELL AV GRAV

Kvar ansvarleg for frigrav eller gravfestar har rett og plikt til å stelle den grava vedkomande har ansvaret for. Plantefelt som ikkje blir tilplanta eller stelt skal såast til av den ansvarlege eller bli sådd til av gravplassforvaltninga.

Ansvarleg for grav eller festar pliktar å halde gravminnet sikra og i forsvarleg stand.

Ansvarleg for grav eller festar kan gjere avtale om at kyrkjelege fellesråd, og den som får løyve til det etter § 13, kan utføre planting og stell av grav, samt montering, sikring og vedlikehald av gravminnet). Ein slik avtale fritek ikkje den ansvarlege eller festar frå det ansvaret dei har etter reglane som til ei kvar tid gjeld.

§ 11. NAMNA MINNELUND

Ved gravlegging i namna minnelund skal namn og data til avdøde førast på ei namneplate på felles minnesmerke.

Graver i namna minnelund kan bli festa på lik linje med andre graver på gravplassen Ved gravlegging i namna minnelund må det betalast for kostnader til namneplate og del av minnesmerke, tilplanting og stell, jf. Gravplasslova § 21 andre ledd.

Gravplassforvaltninga har ansvaret for felles tilplanting og stell i minnelunden. Det er ikkje høve til å opparbeide eige plantefelt for grav i minnelund. Det kan leggast ned blomar og tennast gravlys så lenge dette er innanfor gjeldande reglar om brannvern, på ein stad tilvist av gravplassforvaltninga.

 

§ 12. BÅREROM

Bårerom blir disponert av kyrkjelege fellesråd, og skal berre nyttast til oppbevaring av døde i tida fram til gravferda. Ingen har tilgang utan etter løyve. Liksyning kan berre finne stad etter samtykke frå den som står for gravferda, og vedkjem ikkje dei tilsette.

 

 § 13. NÆRINGSVERKSEMD

Næringsdrivande som ønskjer å drive verksemd på gravplassen skal hente inn løyve frå gravplassforvaltninga. Løyvet kan kallast tilbake dersom vedkomande ikkje rettar seg etter dei reglane som gjeld.

Slik verksemd kan berre omfatte montering, sikring og vedlikehald av gravminne og tilplanting og stell av graver.

 

§ 14. ARBEID PÅ GRAVPLASSANE

Anleggs- og vedlikehaldsarbeid skal skje på kvardagar i arbeidstida (kl. 07:00-17:00) og må ikkje utførast på søndagar, heilagdagar eller offentlege høgtidsdagar. Ikkje noko arbeid på gravplassen må vere til sjenanse for seremoniar eller rituelle handlingar på gravplass eller i bygning på gravplass. Næringsdrivande kan berre køyre på gravplassen i den grad det er nødvendig for å utføre arbeidet. Slik køyring skal skje ekstra omsynsfullt.

 

§ 15. DISPENSASJON FRÅ VEDTEKTENE

Gravplassforvaltninga kan i særlege tilfelle og innanfor ramma av gravferdslov og gjeldande forskrifter fråvike §§ 4, 5, 6, 7, 14

 

§ 16. IKRAFTSETJING OG OPPHEVING AV ELDRE VEDTEKTER

Denne forskrift om gravplassvedtekter trer i kraft frå 01.01.2024. Frå same tid blir vedtekter 22.02.2018 for gravplassane i Vaksdal kommune, Vestland fylke oppheva

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"