Smitteverntiltak i kyrkjene i Vaksdal frå og med 21/01-2022

Det er fortsatt strenge smitteverntiltak i Norge. Sjølv som det har komt ein del endringar vil ikkje dette få praktiske betydninga for kyrkjene i Vaksdal. Det er fortsatt "meteren" som gjeld og den set begrensningar. Det er også krav om faste tilviste plassar.

Smitteverntiltak i kyrkjene i Vaksdal frå og med 21/01-2022

Etter dei nye reglane frå styresmaktene kan me no opna for fylgjande tal på deltakarar i kyrkjene våre.

Dale kyrkje ca 80 pers, alt etter størelse på kohortane

Vaksdal kyrkje ca 70 pers, alt etter størelse på kohortane

Stamnes kyrkje ca 50 pers, alt etter størelse på kohortane

Dei andre kyrkjene i Vaksdal set me grensa på 30 personar.

Etter pålegg frå sentrale styresmakter er det no krav om faste tilviste plassar. Dette betyr at det er påmelding til større gudstenester og gravferder. Registreringslister vil bli lagra og makkulert etter 14 dagar. TIl dei arangmenaga der det er påmelding vil me opplyse om dette i god tid på førhand

Det er krevjande at me enno har relativt strenge restriksjonar på tal på personar som kan møta opp i kyrkjene våre.  Me bed om forståing for dette. I tillegg minner me om:

  • Dei som kan vere koronasjuke, har symptom på luftvegsinfeksjon eller er i karantene kan ikkje ta del.
  • Når ein kjem til kyrkja vaskar alle hendene med anti-bac, som ein finn ved inngangen. Ved nysing/hosting følgjer me dei allmenne smittevernråda.
  • Dei som tek del må halde god avstand, minimum 1 meter, mellom kvarandre. Dette gjeld ikkje dei som er i same husstand. Benkane vil vere merka med omsyn til avstandsregulering.
  • Unngå å ta på flater.
  • Unngå handhelsing og anna fysisk kontakt. Ver særleg merksam på avstanden når ein bevegar seg i rommet. Ved t.d. nattverden og når ein går ut etter gudstenesta må ein unngå kødanning.
  • Ved nattverden vil det ikkje vera fysisk kontakt mellom dei som deler ut og dei som tek imot. Brødet vert lagt i begeret før ein tek imot vinen. Dei som deler ut syter for god handhygiene. Pass på å halde avstand.
  • Ver særleg nøye med hygienen dersom ein nyttar toaletta.
  • Ein finn smitteverninformasjon ved inngangen til kyrkja. Presten vil også orientere om dette ved starten av gudstenester

 

Gudstenester:

Me vil halda gudstenester frametter. Vær merksamme på smittevernreglar, og kontakt kyrkjekontoret om du har spørsmål. Om det er påmelding vil mne opplyse om dette

 Gravferd:

Ved gravferd gjeld same talet på personar som ved gudsteneste. Gruppene vil bli plassert på tilviste benkar i kyrkjene. Dette lyt planleggast nøye slik at ein kan ivareta både sørgjande og tilsette i gravferdsbyrå og kyrkja. Me vil gjera merksame på at denne typen gravferder lettast kan avhovdast i Dale eller Vaksdal kyrkje. 

Det er viktig at me på kyrkjekontoret mottar gjestelister frå dei pårørande seinast 24 timar før den aktuelle gravferda.

Det er mogleg å f.eks. ha gravferd i Dale kyrkje, for so å ha sjølve gravlegginga på ein annan gravplass i kommunen. Spørsmål om dette kan stillast direkte til kyrkjeverja på telefon 976 97 562 eller de kan ta det gjennom byrået.

Dåp: 

Me vil tilby dåp, men med same bregranskingar på personar som kan delta. Dåpen vil no som hovedregelve verta avvikla iforbindelse med gudsteneste. Men det kan også vera akutelt å ha eigne dåpsgudstenester. Ta kontakt med kyrkjekontoret når de planlegg dåp.

Konfirmasjon: 

Vert avikla etter dei reglar me har å fohhalde oss til, til våren. Konfimrantar og foreldre/føresette vil verta haldne orientert om dette.

Vigsle: 

Me vil  gjennomføra vigsle i tida som kjem. Desse vil vera med same tal  på personar som ved andre kyrkjelege handlingar. Me vil også her opna opp for private seremoniar der ein inviterer og deler deltakara opp i kohortar. Om de ynskjer vigsle kan de kontakta Kyrkjekontoret.

Treng du hjelp til noko?

Me er inne i ei tid som for mange kan vera vanskeleg. Om du treng hjelp til noko, er du velkommen til å kontakta oss her på kyrkjekontoret. Om nokon har behov for å snakka med ein prest, er dei tilgjengeleg for samtalar. 

Om det er spørsmål kan ein kontakta kyrkjeverje Bjart-Magnus N Rosvold på tlf: 976 97 562

 

 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"