HAUSTEN 2021, SMITTEVERN OG ANNA INFORMASJON

No begynner kyrkjene i Vaksdal å nærma seg normal aktivitet. Me vonar at restriksjonane vil bli letta på utover hausten. Under ser du kva reglar som gjeld no.

HAUSTEN 2021, SMITTEVERN OG ANNA INFORMASJON

Smittevern tiltak for kyrkja i Vaksdal

Velkommen til Gudsteneste og dåp i kyrkjene våre. smitteverrnreglane er no slik at me kan ha intikk 400 deltakarar fordelt på 2 kohortar på 200 utan fast tilviste plassar. Dette betyr at det er "meteren som er begrensninga i kyrkjene i Vaksdal. 

Etter dei nye reglane frå styresmaktene kan no kyrkjene ta minimum antall personar

Dale kyrkje 90 personar

Vaksdal kyrkje  70 personar

Stamnes kyrkje 45 personar

Dei andre kyrkjene i Vaksdal set me grensa på 30 personar.

Etter pålegg frå sentrale styresmakter vil me registrera dei frammøtte med namn og telefonnummer. Dette vil skje på papirlister. Listene vil verta oppbevara i safe, og makulert etter 14 dagar.

Det er krevjande at me enno har relativt strenge restriksjonar på tal på personar som kan møta opp i kyrkjene våre. I fyrste omgang har me vald å løyse dette ved at det er dei fyrste frammøte som kan vere med. Me bed om forståing for dette. I tillegg minner me om:

  • Dei som kan vere koronasjuke, har symptom på luftvegsinfeksjon eller er i karantene kan ikkje ta del.
  • Når ein kjem til kyrkja vaskar alle hendene med anti-bac, som ein finn ved inngangen. Ved nysing/hosting følgjer me dei allmenne smittevernråda.
  • Dei som tek del må halde god avstand, minimum 1 meter, mellom kvarandre. Dette gjeld ikkje dei som er i same husstand. Benkane vil vere merka med omsyn til avstandsregulering.
  • Unngå å ta på flater.
  • Ver særleg merksam på avstanden når ein bevegar seg i rommet. Ved t.d. nattverden og når ein går ut etter gudstenesta må ein unngå kødanning.
  • Ved nattverden vil det ikkje vera fysisk kontakt mellom dei som deler ut og dei som tek imot. Brødet vert lagt i begeret før ein tek imot vinen. Dei som deler ut syter for god handhygiene. Pass på å halde avstand.
  • Ver særleg nøye med hygienen dersom ein nyttar toaletta.
  • Ein finn smitteverninformasjon ved inngangen til kyrkja. Presten vil også orientere om dette ved starten av gudstenester

 

Gudstenester:

Me vil halda gudstenester frametter. Vær merksamme på smittevernreglar, og kontakt kyrkjekontoret om du har spørsmål

Utegudsteneter

Du er velkommen på utegudstenestene våre. Her tør me seia at det i praksis ikkje er nokon avgrensning lenger. Me vil fortsette å registrere navn og telefonnummer på dei frammøtte. Hugs ein meters regelen

Gravferd:

Ved gravferd gjeld same talet på personar som ved gudsteneste. Ved gravfed i dei mindre kyrkjene vil me difor fortsatt be dei pårørande om å få tilsendt "gjestelister". Dette er slik at me skal klare å plassere kohortar i kyrkja etter smittevernreglane, slik at me kan få inn flest mogleg. 

Det er mogleg å f.eks. ha gravferd i Dale kyrkje, for so å ha sjølve gravlegginga på ein annan gravplass i kommunen. Spørsmål om dette kan stillast direkte til kyrkjeverja på telefon 976 97 562 eller de kan ta det gjennom byrået.

Dåp: 

Me vil tilby dåp, men med same bregranskingar på personar som kan delta. Dette betyr at det i mange tilfelle vil bli tilbudt eiga dåps -gudstjenester. For dei som ynskjer det er det sjølvsagt også mogleg å utsette sjølve dåpshandlinga. Kontakt ein av prestane våre om du ynskjer dåp.

Konfirmasjon: 

Eigen informasjon om konfirmasjonar er sendt ut til konfirmantar og føresette. Me vonar at me kan ha konfirmasjonar slik tradisjonen er våren 2022.

Vigsle: 

Me vil  gjennomføra vigsle i tida som kjem. Desse vil vera med same tal  på personar som ved andre kyrkjelege handlingar. Me vil også her opna opp for private seremoniar der ein inviterer og deler deltakara opp i kohortar. Om de ynskjer vigsle kan de kontakta Kyrkjekontoret.

Treng du hjelp til noko?

Me er inne i ei tid som for mange kan vera vanskeleg. Om du treng hjelp til noko, er du velkommen til å kontakta oss her på kyrkjekontoret. Om nokon har behov for å snakka med ein prest, er dei tilgjengeleg for samtalar. 

Om det er spørsmål kan ein kontakta kyrkjeverje Bjart-Magnus N Rosvold på tlf: 976 97 562

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"