Flott fest utan stress

Dåpen er lik for alle, men dåpsfesten er ikkje det. Korleis kombinerer ein  vakenetter, ammetåke og slunken sparekonto med det å lage ein fin fest? Åshild Moen Arnesen, kateket i Hobøl og Tomter kyrkjelydar, deler sine beste tips.

Foto: Pixabay

Både store barn, ungdommar og vaksne blir døypte i Den norske kyrkja, likevel er det flest babyar som blir døypte.

– Når du har eit lite barn, har du jo eigentleg nok å tenkje på frå før. Foreldre i barsel er gjerne litt slitne og burde spare på kreftene. Ein dåpsfest kan lett bli ein ekstra energitjuv. Samtidig er det fint å nytte høvet til å lage ein fest for å feire barnet og dåpen, seier Åshild Moen Arnesen, som er over gjennomsnittet interessert i estetikk og tidlegare mellom anna har jobba som interiørjournalist.

Som kateket veit ho at konfirmasjonsfestar kan vere ei praktisk og økonomisk utfordring for mange.
– Det er leitt om festar i tilknyting til livsritar skal føre til meir press og stress for familiar. Men det er mogleg å lage ein flott fest utan at det veltar familien og økonomien, seier Åshild.

Ho rår foreldre til å byrje dåpsfestplanlegginga med spørsmål som: «Korleis vil vi foreldre at festen skal sjå ut?», «Kven gjer vi dette for? Oss sjølve, andre, barnet?» og «Kva vil det seie å feire dåp?».

– Lag festen ut frå det du liker
– Blås i kva «tante Linda» ventar seg, det er ikkje henne du lagar fest for. I planlegginga av ein dåpsfest for ein baby kan du vere litt egoistisk på den måten at du vel å lage festen ut frå det du liker å halde på med; barnet sjølv har jo ingen festønske enno. Synest du mat er gøy, så lag god mat, og ta litt lett på det andre. Er du glad i å dikte, så skriv noko fint. Synest du pynting er gøy, så set inn støyten der, gå inn i detaljane og kos deg med det – medan du reduserer på andre område. Prøv å ikkje kave deg opp med fancy mat dersom du ikkje er glad i det. Det er faktisk heilt greitt å gå for ekstravagant pynt og Toro gryterett, seier Åshild.
– Vi har ofte ein idé om at ting skal vere på ein spesiell måte. Eg er glad i det vesle ordet «kvifor». Dersom ein ikkje har eit godt svar på kvifor det er viktig at de dekkjer med kvite dukar, så dropp det.

Telys i eple
Sjølv er ho glad i å pynte. Da eldstedottera Filippa skulle døypast om hausten, valde Åshild og mannen Bent eple som tema.
– Eg synest ofte det lettar arbeidet å byrje festplanlegging med å finne eit tema. Filippa er ein eplesort, og vi pynta med eple og plastdyr. Vi la nokre plankar på bordet som pynten stod på, og skar ut hol til telys i eple. Det vart ikkje særleg store kostnader til pynt, seier ho.

– Når temaet er fastlagt, leitar eg rundt i skapa heime og ser om eg har noko som høver. Eg er òg glad i å gå i bruktbutikkar, i tillegg til at eg låner pynt frå venner, seier Åshild.

Dåpsfestplanlegging blir best når fleire er involverte – på ein god måte.
– Dette er eit tips, eller ei formaning, til alle som står rundt dåpsforeldra: Tilby deg å hjelpe! Sei at du kan bli att og rydde etter festen, bak ei kake, hald barnet i armane ei stund, slik at mor og far også kan få ete. Kanskje skal ein ikkje vente at foreldra skal vere hotellvertar for tilreisande gjester nett denne helga? I dåpsselskapet kan ein få vist i praksis at ein bryr seg om foreldra og barnet som er døypt, seier Åshild.

– Ver tilstades i det som skjer
Så avsluttar ho med det viktigaste dåpstipset for festdagen:
– Ver til stades i det som skjer i kyrkja. I kyrkja er det presten som leier gudstenesta, og du kan nytte høvet til å nyte augneblinken. Senk skuldrene. Eg veit jo at det å vere nybakte foreldre til tider kan kjennast som ei uoverkomeleg oppgåve. I dåpen blir barnet også synleggjort for kyrkjelyden, og vi som foreldre blir minte om at vi ikkje er åleine. Barnet ditt er omgitt av menneske som bryr seg og vihjelpe, seier Åshild.

Fest – utan at det kostar skjorta

– Det aller rimelegaste er å ha festen heime hos dykk sjølve eller hos ein annan familie. Du kan òg høyre om kyrkja leiger ut lokale. Mange stader er det kyrkjelydshus som ein kan leige for ein rimeleg pris.

– Ein treng ikkje å servere middag, både kyrkjekaffi og lunsj fungerer fint. Gudstenesta er jo som regel ferdig ved lunsjtider. Men det er lurt å seie frå til gjestene om dei får lunsj, kaker eller middag.

– Spør om nokon kan bake for deg. Tilby deg å bake for dei når dei har behov ein annan gong. Kjøp inn is og chips – da treng du ikkje så mange kaker.

– Besøk bruktbutikkar for å finne rimeleg pynt. Ønskjer du å pynte med kvite dukar, kan du kjøpe dei rimeleg her – og ta dei fram igjen til konfirmasjon. Lysestakar og blomstervasar kan du òg finne her, dersom du ønskjer det.

– Sjekk finn.no eller «kjøp, sal og byte»-sider på Facebook. Her kan ein få kjøpt inn pynt etter andre dåpsfestar.

– Ønskjer du å pynte med blomster, er det fint å bruke til dømes brureslør eller grøne planter frå naturen i botnen. Dei er dryge i bruk. Hortensia er eit anna godt tips – dei kan delast opp og plasserast i mange vasar. Bjørkegreiner kan òg vere veldig dekorative – berre sjekk om det finst allergikarar blant gjestene.

– Dåpskjole kan lånast.

– Barnet treng ikkje dåpsgåve frå dykk som er foreldre. Barnet treng berre tida og omsorga dykkar.

 

Åshilds beste pynt-tips til fest

– Heng pynt i taket. Ballongar, duskar, rislamper, vimplar eller noko anna – da blir det fest på ein, to, tre. Det som blir hengt opp, kan ofte festast med teip. Lett å ta ned att.

– Finn ein farge eller eit tema som utgangspunkt. Deretter går de gjennom skuffer og skap og finn det som passar. Vel du blått som tema, kan du bruke alt du har som er blått.
– Pynt med leiker. Er det ein fest der du kan pynte med leiker, så er det dåpsfesten. Kva med å pynte med Brio-tog, plastdyr eller papirdukar som barna kan teikne på?

– Finn pynt du kan kose deg med – permisjonstida gir høve til å dille litt. Finn noko som gir og ikkje tek energi.

– På det sosiale mediet Pinterest kan du leite fram fine pyntetips.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Nidelven menighet

Besøks-, leverings- og postadresse:

Nidelven menighet, Nordre Risvolltun 2, 7036 Trondheim 

 

Post kan også sendes til:

Nidelven menighet, Kirkelig fellesråd i Trondheim, Postboks 2300 Torgarden, 7004 Trondheim

Fakturaadresse:
Nidelven menighet, Kirkelig fellesråd i Trondheim, Postboks 2300 Torgarden, 7004 Trondheim

Org.nr. 976998081

Ønsker du å gi en gave til menigheten? Da kan du bruke kontonummer: 4213.20.94726. Merk gjerne med "gave". Tusen takk! 

 

Åpningstider:
Tirsdag-fredag 10-14

Felles sentralbord: Tlf. 994 36 000

E-post: post.nidelven@kirken.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"