Arbeidsoppgåver
- Gudstenester for ungdom og konfirmantar (G2, gudstenester på leir og gudstenester i konfirmasjonstida)
- Leiartrening – Follow Me NMS
- Delta og arrangere klubbkvelder
- Konfirmantundervisning
- Deltaking i KRAFT sine tiltak.
- Leirarbeid
- Planlegge og gjennomføre konfirmantfestival i lag med aktuelle samarbeidsparter
- Følge opp og samarbeide tett med ungdomsleiarar i kyrkjelydane.
- Bibelundervisning eller grupper for unge og unge vaksne.
- Beredskap etter gjeldande ordning for Den norske kyrkja
- Noko tenestearbeid med gudstenester og kyrkjelege handlingar etter avtale med prost
Bispedømmerådet vil evaluere alle spesialiserte preststillingar kvart tredje år. Stillinga inngår som fast stilling i prostiet, men innhald vil på sikt kunne bli endra ut i frå behova i prostiet og utviklinga på satsingsområda. Den som er i stillinga må være inneforstått med justeringar i arbeidsoppgåver.
Kvalifikasjonar
- Cand.theol. med praktikum eller tilsvarande/master i teologi og praktikum
- Medlemskap i Den norske kyrkja
Personlege eigenskapar
- Erfaring med og kunnskap om ungdomsarbeid
- Evne og vilje til samarbeid
- Eit ønske om å bygge relasjoner og motivere frivillige
- Søkjar må kunne samarbeida også liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje
Vi tilbyr
- Stillingskode 0922 kapellan etter KA sitt tariffområde
- Pensjonsinnskott i KLP
- Reiseutgifter godtgjort etter gjeldende regulativ
- Til løna kjem særskilde regulativmessige godtgjersler
- Arbeidsvegleiing (ABV)
Andre opplysningar
Det er ein fordel å ha førerkort og disponere eigen bil.
Målforma er nynorsk.
Bjørgvin bispedøme skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, seksuell orientering og funksjonsevne. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke.
Det vil bli utarbeida ei offentleg søkjarliste etter offentleglova § 25, jf. kyrkjeordning for Den norske kyrkja § 42. Dersom du ønskjer unntak for denne, må du grunngje det i søknaden. Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om unnatak. Grunnlag for handsaming etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.
Den som blir tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20.
For meir informasjon, sjå annonsen på Webcruiter.