Klage- kva tenkjer du på når du høyrer det ordet?
Eg tenkjer på orda: sutre og syte. Det er sagt i eit slags ordtak : «Å klage er som å sitje i ein gyngestol, …du har noko å gjere men kjem ingen veg. «
For ei tid tilbake var vi var på restaurant og hadde bestilt fisk. Eg gleda meg til måltidet med steikt lyr! Men eg vart så skuffa. Fisken var altfor salt - dyrt var det også. Eg som har vakse opp på fiskemåltid; har aldri smakt salta lyr! Vi burde sagt frå - men eg hadde ikkje lyst å klage på maten!! Nokre gongar kan det vere lurt å seie frå - klage - Det kunne jo hjulpe dei til å lage eit betre måltid. Det skal seiast at ein epost vart sendt til hotellet i etterkant.
Det kan kan gjere godt å klage litt av og til. Få lov til å kome med eit hjartesukk! Få det ut! Sjølvsagt er det ikkje likegyldig kva fora ein luftar frustrasjonar og irritasjonar. Det er ikkje alt som skal publiserast.
Nokre gongar vert vi ein del av eit felles Klagekor. Når du opplever at «alle» er misfornøgde med noko; det er ei slags stemning i folket.
Kveldens tema vil gå litt djupare til verks - enn å klage på maten, at det ikkje er godt nok brøyta i vegen, eller at du leverer inn igjen ei vare du ikkje er nøgd med. Noko meir enn sutring og syting over bagatellar - om vi ser det i eit litt større perspektiv.
Vi finn ei eiga bok i Bibelen med tittelen: Klagesongane. Folket sørgjer, klagar og ropar – over Jerusalem og tempelets fall. Bakgrunnen er at Babylonarane hærtok byen og ein del av Folket vart ført i fangenskap. (587 f kr) 2,18: Hjartet ropar til Herren, Lat tårene renne som bekkar, du mur rundt dotter Sion. Unn deg ikkje kvile, lat ikkje auge få ro! 3, 55: Eg kallar på ditt namn, Herre, frå botnen av brønnen. Du har høyrt meg , lukk ikkje øyret når eg ropar om lindring!
Klagaren vender seg til Gud og bed om hjelp og trøyst; men klagar også Herren, for å har tillete dette,å straffe folket og let fienden knuse byen. Professor ved MF , Gard Granerød, kallar Klagesongane ei «styggvakker bok» fordi den set ord på korleis det er å kjenne seg gudsforlatt og svikta, på same tid vakker i sitt poetiske uttrykk!
Vi kan kjenne att sorga og fortvilinga som folk har kjend på - når ei kyrkje brenn ned i eit lokalsamfunn. Folk sørgjer openlyst ved brannruinane. Vi kan kjenne att fortvilinga frå så mange krigsområde - der alt er knust, ikkje berre byar og heimar, men folket er sønderknuste- håpet er knust.
Kven skal vi så rette klagen vår til? Kven har ansvaret? Kven kan vi skulde på når vi kjenner at livet og verda går av hengslene?? Har vi ein Klagemur, som liknar Vestmuren i Jerusalem, ofte omtalt som Klagemuren. Dit søkjer folk for å klage, be, og mange legg bønelappar innimellom steinar i muren.
Er det Gud vi kan skulde - for alt? Nei. Vi veit at krigar og konflikter skuldast menneske, som grip til vald og våpen. Vi veit at det er ei lang liste med namn på verdsleiarar som søkjer makt, som undertrykkjer folket sitt, og ikkje arbeider til det beste for folket.
Likevel; kan vi uansett - få lette vårt hjarte - ause ut - alt vi ber på - banke hardt på Guds hjarte - og tru - at alt dette tåler Gud å høyre?
I våre bøner er vi nok ganske «høflige» og velformulerte , slik vi finn det i kyrkjebønene. Kan det vere vi vågar den fortvila bøna og klagen- i einerom?
Vi finn fleire salmar i Bibelen der klagerop og fortviling vert uttrykt- ofte med sterke ord, vi kan fornemme stemninga, håpløysa: Salme 64,2-3 Høyr meg Gud når eg bed, vern mitt liv når fienden skremmer. Gøym meg for banden av valdsmenn, for hopen av dei som gjer urett.
Salme 77,2;4;8 Eg ropar til Gud. Eg skrik! Eg tenkjer på Gud, eg sukkar . Eg grublar og mi ånd veiknar. Vil Herren støyte oss bort for alltid?
«Til kven skal eg gå med mi sorg og mi sut» spør ein salmediktar . Han svarar: vår Herre veit vegen or trengsla ut. Dei sørgjer i verda den vide, (nr 463 i Salmeboka)
Ja, Vi har ein klagemur- som tåler våre ord og våre liv!
Kva er det så med vår tid??
Er verda meir uroleg – enn før? Skal tru korleis det opplevdest for dei som levde tett på, rett før 2 verdskrig braut ut. Kan hende dei kjende på det same som vi kjenner på: livet er usikkert- livet inneber risiko,
Det er 6 år sidan den spesielle dagen 12. mars 2020, då landet vårt stengde ned. For fire år sidan, 24. februar 2022 heldt heile verda pusten. Kunne Putin verkeleg invadere Ukraina?
7. oktober 2023- nye kriser og krigar- nye lidingar. Datoar festar seg i oss. Eit før og etter.
Så 2025 - og inn i 2026 kvar dag vert vi oversvømde med nyhende- om krisemøter - forsøk på fredsforhandlingar - nye angrep – bomber som knuser folk og alt håp!
Desse åra, kan minne oss på teksten om Josef , som tyda farao sin draum: gode år, med overflod, deretter 7 år med svolt og tørke. Josef fekk i oppdrag å samle inn og lagre korn; så dei kunne ha i beredskap når dei 7 uåra kom. (1.mosebok 41, 25 ff 7) For mange folk i verda er det langt meir enn 7 år med liding og svolt. Kan vi tru på at det er lys i sikte- og håp- for verda? Kan det kome gode år igjen?
(Vi syng nr 704 Vi roper i denne natten. Tekst : E Skjæraasen, før 1945)
Kor djupt skal vi la dette synke inn i?
Vi er ulike som menneske. Det er ulikt korleis vi let oss prege av nyhenda - alt som skjer nært og lenger borte -
Meditasjon:
Lat oss leite etter ord i den gamle boka - og meditere over dei - vere ei stemme for alle lidande- Fins det bibelforteljingar vi kan relatere til?
Det folket som går i mørkret, ser eit stort lys. Over dei som bur i dødskuggens land, strålar lyset fram. Jes 9,2
Jesus seier: Eg er lyset i verda- den som følgjer meg skal ikkje vandre i mørket men ha livsens lys. Johs 8,12
Så mange ord om lys. Så mange ord om håp!
Å, Herre, du som sa - bli lys! Fins det lys - for dei som vandrar i dødsskuggane, dei som leitar i ruinane, sønderknuste leitar dei etter levingar etter sine kjære? Høyr våre klagerop ! Gud - er du der ?
(Vi syng nr 752 innimellom meditasjon - vers 1 Gi oss lys ,o Gud )
Ved kvar gudsteneste og andre samlingar i kyrkja, er lysa er tende på alteret. Ein dag - er det mørket som rår! Langfredagen - den lange dagen. Då Jesus gjekk heilt ned i mørket. Det finst mange langfredagar – mismotet trenger inn i marg og bein. Alt eg unnlot å gjere. Ord eg ikkje skulle sagt. Lyset som eg sløkte i eit ansikt. Rundt oss - her vi bur - vert menneske ramma, av sjukdom, eller brå død - Livet som er så stort og veldig. Dei store spørsmåla. Kvifor hender dette meg?
Er du ein Gud som ser oss; slik Hagar opplevde i øydemarka. Herrens engel fann henne ved ei vasskjelde i ørkenen. Han sa; Hagar, Sarais slavekvinne, kvar kjem du frå og kor skal du av? Ho kalla staden «Du er ein gud som ser meg» For ho sa: Har eg her verkeleg sett han som ser meg? (1.Mosebok 16,7ff og 13)
Gud - er du ein Gud som ser - så sjå oss i vår naud! Du ser kor vi kjem frå - men det er ikkje alltid ser vi kor vi skal-
(Vers 2 Gi oss liv, gi oss liv, o Gud)
Så mange tørstar - etter vatn - etter dagleg brød - det finst knapt smular igjen; Det er tørre brønnar- andre stader, langt langt borte. Og ikkje så langt borte. Jorda vår – som slit og strevar med å puste.
Livsens Gud, kan du la vatnet renne, slik Moses slo på berget- så folket fekk drikke seg utørste! Kan du la det regne manna- så folk kan ete seg mette! Lat regnet falle i akkurat passe mengder- så folket kan så sitt såkorn, i fred , i glede, utan frykt!
Kan du jage bort fiendane som berre bryt ned og tek liv!!?
(Vers 3 Gi oss fred, o Gud)
Men Jesus sa: De skal gje dei mat!!! Om lag slik ordla Jesus seg. (Mark 8, 1-10)
Ja, vi veit. I våre klagerop og bøner- vil svara ofte vende tilbake til oss !! Nei, dette er fasta eg har valt…å løysa urettferdige lenkjer… Å dela ditt brød med svoltne ; Jesaja 58, 5 ff
Kva veit vel vi om svolt og tørste.
Vi veit noko. Så ofte er vi mette – og overmette- men lengtar , og søkjer etter meining, etter å drikke av ei anna kjelde som gjev liv, liv som varer. Ei kjelde som ikkje går tom.
Jesaja 55, 1-2. Kom, alle tørste!
I dei mange klageropa i Salmar og andre tekstar- finn vi også ord om håp- Klagesongane 3,22-23: Herren er nådig, vi går ikkje til grunne. Hans miskunn tek ikkje slutt. Ho er ny kvar morgon.
Salme 84,4: Sporven har funne ein heim, svala har fått seg eit reir der ho kan leggje sine ungar, ved dine alter Herre Gud.
Det finst ein stad å søkje ly.
Det er tung å vere i djupet! Lat oss stige opp og ut i lyset, be og synge om håp!
(Vi syng Vers 4 Gi oss håp, o Gud og 5 Din vilje skje, o Gud)
Bøn: Jesus, ver i mine dagar i alt liv som kjem i mot meg, ver i mine glade timar, mine skjelvande sekund. Lat meg leva sterkt og nakent, våga sjå og våga høyra, våga leva midt i livet, vågar trå på heilag grunn. (Nr 460 i Salmeboka, vers 4.)
